Nasjonal ramme for vindkraft er ikkje ein utbyggingsplan
Nytt

– Nasjonal ramme for vindkraft er ikkje ein utbyggingsplan

Nasjonal ramme for vindkraft har skapt sterke reaksjonar frå naturvernarar og lokale motstandarar.

01.03.2019
NPK-Bjørn Ivar Voll: Ramma gir kunnskap om verknadane av vindkraft og ikkje det same som ein plan for utbygging, minner NVE og regjeringa om.
– Dette er ikkje ein plan for å teppebombe Noreg med vindmøller. Eg har inntrykk av at mange diskuterer på feil premiss, sa statssekretær Liv Lønnum (Frp) i Olje- og energidepartementet då ho opna eit seminar om kampen om vindkrafta fredag.
Bakgrunnen er kartlegginga av kva område som eignar seg til utbygging av vindkraft på land i Noreg. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal leggja fram forslag til ei såkalla nasjonal ramme for utbygging.
– Det er eit verktøy for å få betre styring på den vidare vindkraftutbygginga. Me skal samanfatta alt me har lært om vindkraft, og så skal me laga eit kart over område me meiner er mest eigna for vindkraftutbygging, seier avdelingsdirektør Rune Flatby i NVE til Nynorsk pressekontor.

Kraftige reaksjonar

Dette er område der konfliktane er minst og der det ikkje finst område med viktige nasjonale interesser. Forslaget kjem 1. april. Då skal folk få komma med innspel, før departementet skal behandla planen. Miljødirektoratet og Riksantikvaren er blant dei som har bidratt i arbeidet.
Men arbeidet har allereie ført til reaksjonar. Det har blitt skapt eit bilde av at store område allereie er gjort klare for utbygging. Årsaka er eit kart som viser 43 aktuelle sonar for utbygging. Meininga er at desse skal bli til 15–20.
– Enkelte har valt å framstilla det som NVEs vindkraftplan, med det er heilt misvisande. Dette er område me skal analysera vidare. Så får me berre bera det ubehaget det er med desse misforståingane, ubevisste eller bevisste, seier Flatby.

Nasjonal vilje, men lokal motstand?

Ei undersøking Cicero har gjort viser at 64 prosent av folk i Noreg er positive til at talet på vindturbinar aukar. Det betyr likevel ikkje at folk støttar ei massiv utbygging av vindkraft, understrekar senteret for klimaforsking.
Folk som har hytte eller driv med friluftsliv i eit område det skal byggjast ein vindpark i, opplever det verre enn dei som bur ein slik stad. Den Norske Turistforening (DNT) er ein av organisasjonane som har heva røysta.
– Følelsane blir veldig sterke og volumet høgt når det gjeld eit område nær deg. Me har i sum 57 medlemsforeiningar som slåst for sine område. Eg trur ein må sjå motstanden i lys av det, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT. Eit samla DNT er likevel positiv at det blir laga ei nasjonal ramme
– Me treng ein plan over kvar det kan byggjast og kvar det ikkje kan byggjast, seier generalsekretæren.
DNT meiner blant anna det ikkje bør byggjast i område som er mykje brukt til friluftsliv, eller i urørt natur. Solvang er likevel open om at enkelte kjem til å føla at dei tapar kampen mot vindmøllene i sitt naturområde.
NVE skal etter 1. april arrangera regionale møter for å få innspel på planen.

Publisert: 01.03.2019 16:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32