Tilhengarane av å bygge Stad skipstunnel vant eit lite slag i kampen for samferdsleprosjektet tysdag.
Det er klart etter at eit fleirtal i Stortinget stilte seg bak forslaget frå Venstre, KrF og Senterpartiet om at Kystverket skal forhandle om prisen på tunnelen.
Også Frp og Høgre sine representantar støtte forslaget i trontaledebatten, og sørga dermed for fleirtal.
Les forslaget
«Stortinget ber regjeringa sørgja for at Kystverket held fram og fullfører forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel for å få ein endeleg pris, og dessutan jobba fram kostnadsreduserande tiltak.»
Truleg må tilhengarane smøre seg med tolmod til våren før det kjem eit svar på forhandlingane.
– Det er vanskeleg å seie, men vi bør vere ferdige til påske, anslår Sveinung Nedregotten i Kystverket til Nett No.

Fylkestinget bak om forhandlingar
Allereie då fylkestinget i Møre og Romsdal var samla tidlegare på dagen, vart det klart at det ville bli eit fleirtal for forslaget i Stortinget.
I fylkestinget fekk fylkesordførar Anders Riise (H) støtte til å sende ei uttale om saka, der dei ber regjeringa revurdere avgjerda om å skrinlegge prosjektet.
Både Riise og Håkon Lykkebø Strand (Frp) var klare på at dei ønska at deira parti sentralt ville halde fram si støtte til å bygge skipstunnelen.
Førstnemnte påpeika at det har vore lite framme i debatten at skipstunnelen har moms på 20 prosent, i motsetning til jernbaneprosjekt.
Støre meiner tunnelen er for dyr
Det er eit poeng miljøorganisasjonen Bellona – som er letta over vedtaket – har merka seg.
– Eg tenkjer dei kan byrja med å ta ut momsen frå estimatet – så er dei nede med 2 milliardar berre der, sidan det er den reelle kostnaden for staten som blir diskutert her, seier seniorrådgivar for shipping i Bellona, Sigurd Enge, til NTB.
Statsminister Jonas Gahr Støre fortalde før helga at regjeringa hadde bestemt seg for å ta ut skipstunnelen frå statsbudsjettet for neste år, fordi den var blitt for dyr.
Ifølgje Støre var prislappen som følgje av anboda som er kome inn, oppe i ein prislapp på 9,4 milliardar kroner.
Publisert: 14.10.2025 18:27
Sist oppdatert: 14.10.2025 19:11






