Rune Aale Hansen 163 min
UROA: Regnskap Norge etterlyser forenklingar for næringslivet og oppfordrar myndigheitene til å legge til rette for verdiskapning og vekst. Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no
Nytt

Nedgang i konkurstala i Vestland og Møre og Romsdal

Nasjonale konkurstal auka likevel med 13 prosent i tredje kvartal.

Onsdag la SSB fram ferske konkurstal for 2023.

Her kjem det fram at det i 3. kvartal vart opna 946 konkursar i Noreg, som er ei auke på 13 prosent samanlikna med same perioden i fjor.

Agder var fylket med størst auke, 76 prosent. I Møre og Romsdal var det derimot færre konkursar enn same periode i fjor.

I Vestland var det 89 konkursar for 3. kvartal 2023, medan det var 35 i Møre og Romsdal. I same periode for 2022 var det høvesvis 108 i Vestland og 36 i Møre og Romsdal.

– Overrumplar næringslivet
– Næringslivet treng forutsigbare rammebetingingar, skriv administrerande direktør Rune Aale-Hansen i ei pressemelding for Regnskap Norge.

Han meiner at regjeringa har ovverumpla næringslivet med auka skattebyrder samtidig som det er fleire konkursar.

På vegner av selskapet er han bekymra for svekka rammevilkår, spesielt for små og mellomstore bedrifter.

Na2 Bw 1

Oppfordrar til fjerning av avgift
I årets statsbudsjett er det føreslått å heve arbeidsgivaravgifta på lønningar over 750 000 kroner til 850 000 kroner.

Avgifta meiner Regnskap Norge at Stortinget må fjerne heilt for neste års statsbudsjett.

– Næringslivet kunne tålt auka kostnadar dersom administrative byrder samtidig blei redusert, skriv Aale-Hansen vidare.

Meiner det går for sakte
For to år sidan forplikta regjeringa seg i Hurdalsplattformen til å redusere næringslivets kostnadar knytt til pålagte reglar og utfylling av offentlege skjema med 11 milliardar kroner innan 2025.

Aale-Hansen skriv vidare at årets statsbudsjettforslag visar at forenklingsarbeidet så langt har resultert i ein reduksjon på 160 millionar.

– Regjeringa har faktisk berre forenkla vekk 1,5 prosent av lova beløp.

Publisert: 25.10.2023 12:26

Sist oppdatert: 31.10.2023 07:18