Håpar Tom Cruise-pølse vil lokke turistar til bygda
Kjøttprodusenten Ringdal satser med nytt produkt etter filminnspeling.
(NPK): På Hellesylt på Sunnmøre førebur dei seg på turistsesongen og planlegg å lokke turistar med Tom Cruise-pølser og motorsykkelvrak.
– Det skal vere ei saftig, kjøttfull pølse. Og så skal det vere spesielle urter og krydder som finst naturleg i området her, seier Ole Ringdal til NRK.
Den lokale kjøttprodusenten håpar pølsa, som dei kallar Tom Cruise-pølse, skal vere eit trekkplaster for Hellesylt.
Skal stille ut motorsykkel
Den nyaste «Mission: Impossible»-filmen som nyleg hadde premiere, vart delvis spelt inn i Sunnmørsbygda, og no håpar dei på å hauste litt av merksemda.
Tom Cruise utførte mellom anna eit stunt der han køyrde utfor fjellet Helsetkopen på motorsykkel. Restane av motorsykkelen skal monterast i ein glasmonter i Hellesylt sentrum, på Tom Cruise-plass.
Bygda satsar stort og har invitert filmstjerna sjølv som heidersgjest til opninga av motorsykkelutstillinga.
Tall i millioner kroner | ||
Ole Ringdal As | ||
2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 195,9 | 188,7 |
Driftsresultat | 9,8 | 9 |
Resultat før skatt | 8,1 | 19,5 |
Reiselivsekspert, Odd Roar Lange, meiner likevel at norske bygder bør utnytte filminnspelingar i mykje større grad og at Hellesylt allereie er litt seint ute med filmturismen.
– Ein må byrje tidleg, og ein må teppebombe marknaden med informasjon. Ein må verkeleg gjere slik at dei som jobbar med det er møkk lei av å snakke om Tom Cruise. Då byrjar det å fungere andre stader, seier han.
(©NPK)
Publisert: 24.07.2023 15:58
Sist oppdatert: 24.07.2023 15:58