pHAV Group Gunnar Larsen Siv Remoy Vangen foto hav group 11
INNTEKT OG OVERSKOT: Siv Remøy Vangen er sjef for Norwegian Electric System, selskapet som tener mesteparten av pengane i førstekvartal og går med overskot i Hav Group-konsernet. Her er ho saman med konsernsjef Gunnar Larsen. Foto: Hav Group
Nytt

Nedtur etter kvartalstal

Hav Group mellom selskapa med størst kursfall på Oslo Børs.

28.05.2025

Hav Group la fram kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025 før børsen opna onsdag. 

Det som sto der slo ikkje an. Kursen fall til 7,60 kroner aksjen då børsen opna, ned frå 8,56 kroner som var sluttkursen tysdag. 

Fallet stoppa ikkje der og ved stengetid var kursen ned nær 15 prosent til 7,30 kroner. 

Selskapet betra lønsemda samanlikna med første kvartal  2024. Men konsernet gjekk med underskot, og det er berre eitt av dei fire forretningsområda som går med overskot.

Det er forretningsområdet energidesign og smarte kontrollsystem, som består av datterselskapet Norwegian Electric Systems, som går i pluss. Forretningsområdet hadde 103 millioner kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 16 millionar kroner i første kvartal og er demed det klart største forretningsområdet for Hav Group per i dag. 

Då Hav Group blei børsnoterte i mars 2021 var det eit stort pluss i aksjemarknaden å vere involvert i hydrogen, som kan vere ein energiberar utan CO2-utslepp. Slik er det ikkje i dag. Men hydrogen blei aldri ei stor og dyr verksemd i Hav Group-regi og når selskapet no legg satsinga på is, ser det ikkje ut til å ha ein positiv innverknad på kursutviklinga.

Trass i dagens kursfall har Hav Group ei verdistiging sidan årsskiftet. Sluttkursen ligg drygt 16 prosent over nivået ved starten av 2025. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,30 14,58 %
Atlantic Sapphirekr                   6,25 0,81 %
Endúrkr                92,00 1,43 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,50 7,03 %
Hav Groupkr                   7,30 -14,72 %
Havila Kystrutenkr                   1,07 -2,73 %
Havila Shippingkr                   1,41 -2,76 %
Hexagon Compositeskr                18,06 0,00 %
Hexagon Puruskr                   1,68 -6,56 %
Hofseth Biocarekr                   2,19 0,00 %
Norva 24 Group*35,85 kr  0,42 %
Romsdal Sparebankkr              129,20 0,94 %
Salmon Evolutionkr                   6,34 -3,79 %
Sparebanken Mørekr                98,83 -0,36 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 28.05.2025 15:05

Sist oppdatert: 28.05.2025 17:30

Mer om