Strandafjellet Skisenter avslutta skisesongen 2025/2026 denne helga etter ein sesong som vart betydeleg betre enn 2024/2025-sesongen.
I førre sesong hadde anlegget betalande 47.100 gjestar, denne sesongen var besøkte 56.000. Det er ein oppsving på over 18 prosent.
– Vi er kjempefornøgd med sesongen i forhold til den vinteren det har vore, skriv marknadsansvarleg Mari Rikheim i Strandafjellet Skisenter i ei melding til Nett No.
God påske
Lite snø og mykje varme gjorde 2024/2025-sesongen elendig for skisentra på Nordvestlandet, og då påska kom i fjor var det berre Strandafjellet og Bjorli som kunne halde ope.
I år gjorde kulde og ein lang finvêrsperioden i starten av 2026 både at besøket auka og Strandafjellet fekk gode forhold for kunstsnøproduksjon.
Kunstsnøen gjorde at anlegget kunne halde ope då mildvêrsperioden kom, og sikra at anlegget kunne halde ope i påska. Snøfallet få dagar før påskehelga betra tilhøva ytterlegare.
– Det gjorde at påska blei ei av våre beste på fleire år, skriv Riksheim.
Minusår
Strandafjellet Skisenter og søsteselskapet Strandafjellet Restaurantdrift og Stranda Skiservice har alle rekneskapsår som går frå 1. november til 31. oktober.
Det betyr at 2025-tala i tabellen under viser korleis det gjekk i vinterseseongen 2024/2025 og i sommarsesongen 2025.
Alle tre selskapa gjekk frå pluss til minus i førre reknskapsår, og både skisenteret og restauranteselskapet som driv serveringsstadane i bakken hadde relativt store inntektsfall (sjå tabell).
Optimistisk til sommarsesongen
Strandafjellet Skisenter har tidlegare opplyst at tommefingerregelen for skilnaden på vintersesonger og sommarsesongen er slik: Vintersesongen gir to tredjepartar av inntektene og ein tredjepart av resultatet. Sommarsesonen to tro tredjepartar av resultatet og ein tredjepart av inntektene.
Grunnen at at selskapet berre har kostnaden med å frakte turistar i gondolen opp til utkikkspunktet og kaféen på fjellet Roalden sommarstid, og slepp det kostbare arbeidet med å preparerer skibakkane.
– Sommaren ser lovande ut med gode bookingtal for sommergondolen frå cruiseturistane. Går alt etter planen blir det ein mykje betre sommar enn i fjor med tanke på besøkande, skriv Riksheim.
Lokale eigarar
Strandafjellet Restaurantdrift og Stranda Skiservice er datterselskap av Strandafjellet Skisenter.
Strandafjellet Skisenter er i sin tur eigd av Frode Håkon Kjølås, Bjarte Tunold, Per Magne Grøndal og Stig Jarle Rødset gjennom eigne selskap.
| Strandafjellet Skisenter as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 22,3 | 26,7 |
| Driftsresultat | 1,6 | 4,6 |
| Resulta før skatt | -2,9 | 0,1 |
| Strandafjellet Restaurantdrift as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 8,5 | 10,3 |
| Driftsresultat | -0,6 | 0,6 |
| Resultat før skatt | -0,6 | 0,6 |
| Stranda Skiservice as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1,8 | 1,4 |
| Driftsresultat | -0,1 | 0,2 |
| Resultat før skatt | -0,1 | 0,1 |
| Selskapa sine rekneskapssår går frå 1. november til 31. oktober. |
Publisert: 20.04.2026 09:01
Sist oppdatert: 20.04.2026 09:01






