Betre tider i maritim klynge
Knallår for skipsdesign, betra lønnsemd for leverandørar, optimisme hos verfta - og i sommar fekk reiarane rekordrater.
ANALYSE
2020 blei betre enn bedriftene i den maritime klynga frykta.
Når Menon Economics legg fram klyngeanalysen 2022 på Klyngekonferansen i Ålesund torsdag 22. september, vil truleg ein av konklusjonane vere at også forventningane til 2021 var for lite optimistisk - og at bedriftene i løpet av året har oppjustert forventningane sine for 2022.
Les også
NETT NO har tidlegare fortald om vekst og betre resultat for skipsdesign-selskapa, som er ein del av den maritime klynga.
Også utstyrsleverandørane, som mellom anna lagar propellar, vinsjar og maskiner, hadde vekst og auka lønsemd frå 2020 til 2021, viser ein reknskapsgjennomgang som NETT NO har gjort.
Trass i reduserte inntekter frå 2020 til 2021 er det forventningar om nye kontrakter og betre tider hos skipsverfta, mellom anna hos Vard.
Les også
Stemninga hos norske skipsbyggarar er stigande. Sjå resultatoversikt for verfta på Nordvestlandet.
Målet er å nå lønsam drift innan kort tid, seier Vard-sjef Alberto Maestrini.
I sommar steig prisen for å leige ankerhandteringsfartøy til rater som ikkje er sett i marknaden sidan 2007.
Offshorereiarlaga er framleis prega av den djupe nedturen som starta etter oljeprisfallet i 2014. Etterkvart som fleire eldre skip forsvinn ut av marknaden, kombinert med større aktivitet i oljebransjen og oppdrag skapt av ein framveksande vindkraftindustri til havs, er både humøret og utsiktene framover blitt lysare.
Bedriftene i den maritime klynga er samla sett ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet.
Svingingar her vedkjem mange.
Etter ein nedgang på ni prosent i sysselsettinga hos bedriftene i klynga - tilsvarande nesten 1300 stillingar - frå 2019 til 2020, snudde det i 2021.
Innan 2021 var omme ville sysselsettinga ha auka med omlag 250 stillingar, til i overkant av 13.300 jobbar, anslo Menon Economics i Klyngeanalysen 2021.
Toppen var i 2014 - då omlag 18.000 arbeidde i bedriftene som er omfatta av Menon Economics si kartlegging; reiarlag, verft, utstyrsprodusentar, skipsdesignarar og andre tenesteytande selskap.
Frå å vere ei tett samansveisa klynge, der både kundar og leverandørar hadde adresse på Nordvestlandet, har endringane etter offshorekrisa gjort klynga både meir oppdelt og utoverretta.
Samstundes har oljebransjen blitt mindre viktig.
I løpet av kort tid ventar bedriftene i den maritime klynga at det er vindkraftutbygging til havs som vil vere den viktigaste marknaden, med oppdrettsnæringa på andreplass, i følgje klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime.
I 2016 kom 41 prosent av inntektene til bedriftene i klynga frå kundar i olje- og gassmarknaden. I 2019 var andelen 24 prosent og i 2020 berre 19 prosent.
Publisert: 18.09.2022 05:00
Sist oppdatert: 10.10.2022 06:39