Nedturen kom i november
GOD OKTOBER: – Oktober blei faktisk ein veldig god månad, fortel Tom Anker Skrede etter møte med fleire hotellsjefar måndag. Sidan blei det verre.
Nytt

Nedturen kom i november

Fritidsreiser og mindre bedriftsmøter ga hotella på Nordvestlandet godt å gjere i oktober. Men julebordsesongen er spolert for dei fleste.

Marius Rosbach
15.12.2020

Hausten har samla sett vore betre enn frykta for hotellnæringa på Nordvestlandet.

Dagleg leiar Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre møtte måndag ein rekke hotelldirektørar i regionen. Han kan melde at både september og oktober blei gode månader for mange av hotella. På førehand var bransjen spent, ettersom alle større konferansar er avlyst eller utsett.

– Mange har hatt bedrifter inne til mindre møter. I staden for å samle 5 til 20 personar i eige lokale, legg dei møtet til eit hotell som har kontroll på smittevernet – og mange tek gjerne lunsj eller middag i restauranten i tillegg, fortel Skrede til NETT NO.

Mange på fritidsreise

Korte fritids- og feriereiser har det også vore mykje av i desse månadene. Både i helgane og i vekedagane har det vore betydeleg besøk hos mange hotell.

– Det er nok ein kombinasjon av fleire ting. Regionen har vore i toppen tidlegare i år med å trekke til seg besøkande frå andre kantar av landet. Det har vi sett no også. Samtidig er det ein del som truleg er oppmoda om å ta ut ferie i staden for løn, legg han til.

Til vanleg er oktober ein månad med mindre fritidsreiser, men i år trakk denne gruppa reisande opp.

(saka held fram under)

 Regionen har vore i toppen tidlegare i år med å trekke til seg besøkande frå andre kantar av landet. Det har vi sett no også.

«Pluggen gjekk litt ut»

Då dei siste smitteverntiltaka kom i slutten av oktober, blei det tøft for mange. NETT NO omtala korleis Bor - det største restaurantselskapet i Ålesund -.

Skrede fortel at «pluggen gjekk litt ut» for julebordsesongen då, og november blei for overnatting- og serveringsbransjen, sjølv om

Reiselivssjefen peiker på mangelen på føreseielege rammer kring drifta, er den største utfordringa for bedriftene i hans bransje.

– Marknaden kan endre seg frå ein dag til ein annan. Dei fleste har likevel klart å omstille seg, slik at dei klarar å tilpasse kapasiteten både når det gjeld bemanning og drifta elles, seier han.

Volda tilbake i destinasjonsselskapet

Måndag kan reiselivssjefen også kome med ei gladnyheit for destinasjonsselskapet. Etter at Volda har vore utanfor reiselivssamarbeidet i regionen, har dei no bestemt seg for å melde seg inn att.

– Dei har kartlagt korleis dei skulle jobbe med reiselivssatsinga si. Frå nyttår er dei tilbake i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og klare til å køyre på vidare. Det gler vi oss veldig til, seier Skrede.

Volda har vore den einaste kommunen i regionen som har vore utanfor reiselivssamarbeidet.

Publisert: 15.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 02.03.2021 09:29