Rune Kiperberg
KLAGE: Administrerander direktør Rune Kiperberg i Linja seier det vil vere merkeleg om Linja ikkje klagar på NVE sitt avslag.
Nytt

Nei til Linja-kjøp

NVE vil ikkje la nettselskapet Linja kjøpe Statsnett sine kraftliner i Romsdal, på Nordmøre, i Trøndelag og i Innlandet. Blir truleg klagesak.

07.07.2023

Tafjord og Tussakonsernet sitt felles nettselskap, Mørenett, har ein avtale med Statnett om å kjøpe Statnett sitt regionale nett av kraftliner i Romsdal, på Nordmøre, i Trøndelag og i Innlandet for 428 millionar kroner.

Olje- og energidepartementet fatta i fjor endeleg vedtak i klagesaka om å omklassifisere Statnetts sitt såkalla transmisjonsnett i det aktuelle området til regionalt nett frå 1. januar 2023.

No har Norges Vassdrags og Elektrisitetsvesen (NVE) kome med sitt vedtak på søknaden om Mørenett kan overta 40 mil med kraftnett, frå Ørskog til Orkdal, og frå Sunndalsøra til Vågåmo.

Får ikkje alt
Mørenett, som i mellomtida har blitt ein del av eit større nettselskap - Linja, der også SFE er medeigar - får ikkje viljen sin hos NVE. Linja skal ikkje få overta kraftnettet nord for Romsdalsfjorden og i Innlandet, meiner NVE.

"NVE har gitt Linja anleggskonsesjon til å overta anlegg på Sunnmøre som ikke lenger er klassifisert som transmisjonsnett, fra Statnett. Samtidig har NVE avslått Linjas søknad om å overta de øvrig omklassifiserte anleggene i Møre og Romsdal, Trøndelag og Innlandet."

NVE meiner det ikke er "samfunnsmessig rasjonelt av Linja overtar regionalnettanlegg innenfor andre regionalnetteieres områder, da det vil komplisere drift, beredskap, tariffering og tilknytning av nye kunder. I lys av planene om nettforsterkninger i Midt-Norge, og behovet for å koordinere nettutviklingen, mener NVE at det ikke er fornuftig at nok et regionalnettselskap etableres i området."

Les NVE si melding her

Merkleg om det ikkje blir klage
Administrerande direktør Rune Kiperberg i Linja seier "det vil vere merkeleg" om Linja ikkje klagar NVE sitt vedtak inn for Olje og Energidepartementet.

Dersom Linja ikke vinn fram med ein klage kan selskapet gå til rettsak.

Kiperberg seier NVE sende saka dei samfunnsøknomiske konsekvensane om Linja sitt kjøp frå Statnett ut på høyring i desember i fjor. Det er ein framgangsmåte han seier han aldri har høyrt om tidlegare.

Motstand i Romsdal og på Nordmøre
Fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i starten av november 2020 at det ikkje vil at Mørenett skal overta Statnett sitt regionnett i Romsdal og på Nordmøre.

I staden bør nettet delast mellom Mørenett og Nordmøre og Romsdal regionalnett, som er eit samarbeid mellom nettselskapa på Nordmøre og i Romsdal, meinte fleirtalet i fylkesutvalet.

Publisert: 07.07.2023 13:39

Sist oppdatert: 07.07.2023 13:39

Mer om