86 prosent av den norske makrellkvoten er allereie fiska opp.
I førre veke fiska den norske flåten 37.769 tonn makrell, fortel Norges Sildesalgslag i sin vekesrapport "Fiskets Gang".
No står det att 32.388 tonn igjen av kvoten på 236.814 tonn.
Opptur frå i fjor
Årets makrellfiske har blitt langt meir vellukka enn i fjor. Då rakk makrellfiskarane ikkje å fiske opp den makrellen dei måtte ta i norsk sone, før makrellen vandre inn i andre land sine område.
Konsekvensen blei at at makrell for 170-180 millionar kroner ikkje blei fiska.
Fem milliardar
I år starta mange makrellfiskarar fisket tidlegare for å vere sikre på å få tak dei 40 prosent av kvoten som må fiskast i Norge.
Det har vore vellukka, og no er kvoten nær å ha fått fiske opp heile kvoten.
Salsleiar Kenneth Garvik i Norges Sildesalgslag anslo i førre veke at den norske fiskeflåten kan kome til å fiske makrell for fem milliardar kroner i år.
Publisert: 30.09.2024 13:01
Sist oppdatert: 30.09.2024 13:01