Nesten ingen nye norske oljefelt er loennsame
FRIGG: Nesten ingen nye norske oljefelt er lønnsame med oljeprisen vi har i dag. Her frå Frigg-feltet i Nordsjøen. 
Nytt

Nesten ingen nye norske oljefelt er lønnsame

Ein oljepris på 44 dollar fatet kan føre til nærmast full stopp for utbygginga av nye olje- og gassfelt på norsk sokkel.

11.12.2015
(NPK-NTB): – Med oljeprisen vi har i dag oljepris er det veldig utfordrande å bestemme seg for å setje i gang nye prosjekt, seier senioranalytikar Espen Erlingsen i Rystad Energy til Bergens Tidende.
Konsulentselskapet gjennomfører jamleg utrekningar av kva for ein oljepris som trengst for at nye olje- og gassfelt vil vere lønnsame å byggje ut. No ser biletet sjeldan mørkt ut.
For sjølv om dei massive jobb- og kostnadskutta i oljebransjen har ført til at prosjekta er lønnsame ved ein lågare oljepris enn tidlegare, har oljeprisen falle i eit enda større tempo.
Av 16 felt som er planlagt, men ikkje vedtatt, vil berre to vere lønnsame med oljeprisen vi har i dag på 44 dollar fatet.

Liten Sverdrup-margin

Gigantfeltet Johan Sverdrup med eit totalt volum på 2460 millionar fat oljeekvivalentar er heldigvis for norsk oljenæring på den riktige sida av streken. Men med ein oljepris på 44 dollar er Johan Sverdrup lønnsamt berre med ein margin på tre dollar.
– Eg trur dei fleste felta vil bli utbygd, men det vil ta tid. Oljeselskapa vil prøve å kutte kostnadene og ta ned storleiken på prosjekta for å gjere dei billigare, seier Erlingsen.
Det dyraste feltet i Rystad Energys oversikt er King Lear, som ligg på rundt 20 kilometer nord for Ekofisk-feltet. For at King Lear skal vere lønnsam å byggje ut, blir det kravd ein oljepris på 95 dollar fatet – meir enn det dobbelte av oljeprisen vi har i dag. (©NPK)
Oljeselskapa vil prøve å kutte kostnadene og ta ned storleiken på prosjekta 

Publisert: 11.12.2015 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46