Nesvik ny styreleiar i Hafast
NY STYRELEIAR: Harald Tom Nesvik tek over som styreleiar i Hafast etter Gunvor Ulstein (t.h.). Lene Trude Solheim blir ny dagleg leiar i selskapet. 
Nytt

Nesvik ny styreleiar i Hafast

Som statsråd valte han traséen for fjordkryssinga. No skal han jobbe for å realisere prosjektet.

Marius Rosbach
27.08.2020
Tidlegare samferdsleminister Harald Tom Nesvik blei torsdag kveld valt som ny styreleiar i Hafast under generalforsamlinga i selskapet.
– Det blir mye hardt arbeid, seier Nesvik til NETT NO om korleis han ser føre seg å ro i land vegprosjektet som skal knytte Ålesund til søre Sunnmøre over Sulafjorden.
Samtidig går Lene Trude Solheim, som nyleg starta som administrerande direktør i Næringsforeningen i Ålesundregionen, inn i rolla som dagleg leiar.

Gjekk inn for Hafast i 2014

I 2014 gjekk ålesundaren Harald Tom Nesvik inn for traseen over Hareidlandet då han var samferdsleminister. No tek han over stafettpinnen etter Gunvor Ulstein som styreleiar i selskapet som formelt heiter Hareid Fastlandssamband. Ulstein held fram som styremedlem.
– Det som er viktig for oss, er at det ikkje er nokre andre prosjekt som så tydeleg knyt saman ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Det vil gjere at eit av dei mest innovative miljøa i næringslivet her til lands vil få betre moglegheit til å vekse, seier Nesvik.
Han innser at overskridingar på andre fjordkryssingar lengre sør kan vere negativt for komande samband
– Men etter mi meining er det få andre prosjekt som kan vise til tilsvarande samfunnsøkonomisk nytte, legg han til.

Les også:



Vil vise fram verdien av sambandet

Bruken av vegmilliardane for å bygge ferjefri E39 har møtt motstand frå andre kantar av landet. Seinast ut er folkerike Viken fylkeskommune, som protesterer mot at det blir brukt såpass mykje pengar på veg langs kysten der det bur færre folk.
– Når det er langt fram til målet, er det berre å brette opp ermene og begynne å vise kva for positive ringverknader Hafast-prosjektet fører med seg, seier Nesvik.
Bakteppet er at næringslivet i Møre og Romsdal – og spesielt søre Sunnmøre – bidreg til store inntekter til statskassa gjennom eksport.
– Her kan vi bygge Sunnmøre saman til å bli den store «hub-en» for verdiskaping og utvikling, slik at vi kan hjelpe finansministeren med dei andre utgiftene i budsjettet. Vårt eksportretta næringsliv vil vere med å skaffe betydelege inntekter til heile samfunnet, seier han.

Kamp om plassen i NTP

Kampen vil i første omgang stå om å få Hafast inn med konkrete midlar i komande Nasjonal Transportplan for 2022-2033. I den gjeldande transportplanen er fjordkryssinga nemnt, men det er ikkje sett av ei krone til bygging.
Nesvik er klar på at kostnadene må ned, slik regjeringa har bedt om.
– Det er mange plussar og minusar som skal reknast inn. Vi må sjå på kva for veg som skal byggjast. Samtidig må vi vise synergiane og kva for meirverdiar som kan skapast ved dette prosjektet, legg han til.
Nesvik har nyleg starta i jobben som kommunikasjonssjef og samfunnskontakt i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans. Reiarlaget har no heile tre nybygg på gong ved Myklebust Verft i Sande.
– I reiarlaget opplever vi dagleg kor avhengige vi er av kommunikasjon over fjorden, seier han.

Les også:


Hareide:




Analyse:


Etter mi meining er det få andre prosjekt som kan vise til tilsvarande samfunnsøkonomisk nytte

Publisert: 27.08.2020 23:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02