New Zealand-kontrakt for Optimar
Sikra sin største avtale på eitt år med fabrikk til trålar.
Optimar skal levere ein fabrikk som skal handtere både blekksprut og fleire fiskeartar og i tillegg kunne produsere surimi. Det er fiskebåtreiarlaget Aurora Fisheries som har bestilt fartøyet, som skal vere ferdig bygd i 2025.
Den første kontrakten mellom Optimar og reiarlaget var for omlag eitt og eit halvt år sidan.
– Vi er veldig stolte av å levere ein komplett fabrikk for det som kan bli New Zealand sin mest moderne fabrikktrålar, seier direktør Global Sales i Optimar, Viggo Brevik, i ei pressemelding.
Storleiken på kontrakten er ikkje opplyst.
Det er eit knapt år sidan Optimar signerte ei like stor kontrakt, seier Brevik til NETT NO.
Teikna i Ålesund
Det er skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund som har teikna fabrikktrålaren.
Den skal byggast i Tyrkia, men gir også oppdrag til norske bedrifter.
I går kunne NETT NO fortelje at Evotec i Ålesund har sikra seg kontrakten på komplett vinsje- og handteringspakke til trålaren.
Fleire folk
I august i år sa Optimar-sjef Georg Saint-Denis til NETT NO at selskapet er etter fleire folk igjen, etter eit lang periode med motgang - mellom anna fordi den viktige russiske marknaden tørka inn på grunn av sanksjonane etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina.
Selskapet er refinansiert og ei rekkje av dei tilsette er blitt medeigarar i selskapet. Saint-Denis er optimist.
I år anslo han at inntektene til Optimar vil ende på mellom 600 og 700 millionar kroner og at selskapet får eit lite overskot.
Om tre år, i 2026, er målet rundt 800 millionar kroner i driftsinntekt og eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda, journ. anm.) på 15 prosent av driftsinntektene, sa han.
Publisert: 21.11.2023 12:09
Sist oppdatert: 21.11.2023 18:55