Draugen
HAVVIND: No kan også Draugen-feltet verte forsynt med straum frå offshore vind. Skisse: Odfjell Oceanwind
Nytt

NHO etterlyser konkret havvindmål

NHO og Norsk olje og gass ber Stortinget konkretisere ein ambisjon for utbygging av havvind i Noreg.

Måndag heldt energi- og miljøkomiteen på Stortinget høyring om den nye energimeldinga til Støre-regjeringa.

Der ropte NHOs viseadministrerande direktør Anniken Hauglie «eit kraftig varsku» om behovet for utbygging av meir fornybar kraft i Noreg.

– Det hastar veldig, seier Hauglie til NTB.

– Det som er situasjonen no, er at vi står i fare for å gå frå å vere netto eksportør til å vere netto importør av kraft om svært få år.

Hauglie viser til berekningar frå Statnett som viser at Noreg kan få underskot på kraft allereie i 2026.

– Vi ser ikkje at ambisjonane til regjeringa og planane for korleis vi skal dekkje det, er gode nok, seier ho.

– Det betyr at industrien kjem til å mangle kraft om svært få år, og heile energiomstillinga vår vil stå i fare.

Vil byggje ut 2–3 gigawatt i året
I energimeldinga, som formelt sett er eit tillegg til energimeldinga til Solberg-regjeringa frå i fjor sommar, blir det fastslått at «regjeringa vil legge til rette for ei storstilt utbygging av havvind i Norge».

Men regjeringa konkretiserer ikkje kor mykje ho vil byggje.

NHO og Norsk olje og gass tek no begge til orde for eit konkret mål om utbygging av 2–3 gigawatt havvind i året på 2030- og 2040-talet.

– Vi ber komiteen konkretisere eit ambisjonsnivå for havvind, sa administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim i Norsk olje og gass i høyringa.

Ei ambisiøs havvindsatsing vil auke krafttilgangen i Noreg, gi auka forsyningstryggleik og halde oppe Noregs posisjon som netto krafteksportør, samtidig som det vil bidra til å nå både dei norske og dei europeiske klimamåla, og det vil etablere ein heilt ny leverandørindustri her i Noreg, hevda Blindheim.

– Men då må vi leggje til rette for ein langsiktig visjon.

Europeisk konkurranse
Hauglies frykt er at Noreg skal bli slått på eigen banehalvdel.

– Noreg har ein av dei beste havvindressursane i verda. Det blæs mykje i dette landet. Det er ei enorm moglegheit for oss. Likevel har ikkje regjeringa sett nokon ambisjon for kor mykje vi skal produsere.

Ei storsatsing vil òg ta tid å byggje opp, understrekar NHO-toppen.

– Men førebels er det ikkje lisensar å søkje på for havvind. Ein har ikkje gjort miljøkartleggingar. Ein veit ikkje kva for eit regulatorisk regime som skal til. Det vi fryktar, er at Noreg sakkar akterut i dette industrielle eventyret, åtvarar Hauglie og legg til:

– Svenskane slår oss no. Dei har sett seg konkrete mål.

Det vi fryktar, er at Noreg sakkar akterut i dette industrielle eventyret
Anniken Hauglie

SV vil byggje ut før 2030
SVs klimapolitiske talsperson Lars Haltbrekken er samd i at Stortinget bør konkretisere eit havvindmål.

Men SV tek til orde for eit mål for åra før 2030, heller enn eit mål for perioden etter 2030, som er det NHO og Norsk olje og gass etterlyser.

– Vi meiner det bør vere eit mål om å ha bygd ut minst 3 gigawatt flytande havvind innan 2030. Det svarer til cirka 10–15 terawattimar kraftproduksjon og vil vere avgjerande for å kutte utsleppa frå sokkelen, seier Haltbrekken til NTB.

Han meiner tilleggsmeldinga er for lite konkret på måla.

– Det er for dårleg, seier han.

– Skal vi nå klimamåla, så er denne meldinga heilt avgjerande. Då må vi ha nokre klare, talfesta mål for kva vi skal gjere framover.

Frp fryktar protestar
Frps energipolitiske talsperson Terje Halleland vil derimot åtvare mot å gå for raskt fram.

– Eg er redd for at eit scenario med ein enorm vekst på havvind allereie frå 2025 lett kan føre oss inn i ein situasjon som vi hadde med vind på land, med store protestar, seier Halleland til NTB.

Han oppmodar derfor til «litt magemål» i oppstartsfasen, slik at eit solid regulatorisk regime kjem på plass.

Publisert: 02.05.2022 17:33

Sist oppdatert: 03.05.2022 07:58

Mer om