NTB k PB15 N P Ul I
OSLO: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap, t.h.) meiner omsynet til fiskerinæringa skal kunne ivaretakast i regjeringas havvindsatsing. Her med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap, t.v.) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Nytt

Lovar dialog med fiskerinæringa om havvind

Regjeringa tek ikkje omsyn til fiskerinæringa når dei byggjer ut vindkraft til havs, meiner Norges fiskarlag. Det avviser næringsministeren.

10.02.2022

Jan Christian Vestre lovar dialog.

– Vi som sit i Norges fiskarlags landsstyre, vart både overraska og skuffa over pressekonferansen til regjeringa om havvind, seier leiaren av laget Kåre Heggebø.

Han seier i ei pressemelding at han meiner det ikkje heng saman å satse stort på havvind samtidig som ein omtaler sjømatnæringa som ei viktig framtidsnæring.

Onsdag presenterte regjeringa satsinga si på vindkraft til havs.

– Dersom dette skal henge saman, er det heilt avgjerande at det blir teke omsyn til havmiljøet og interessene til fiskarane. Vi må ta oss tid og råd til kunnskapsinnhenting, og vi kan ikkje akseptere at fiskarane blir fortrengde frå fiskeområda våre, seier Heggebø.

Næringsministeren meiner han tek omsyn
Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier dei skal ta omset til næringa.

– Fiskerinæringa kan vere heilt trygg på at dette tek vi på aller høgaste alvor, vi kjem til å ha god dialog og involvering av dei. Men vi går ikkje inn i dette med eit utgangspunkt om at det ikkje er mogleg å finne løysingar, snarare tvert imot, seier han til NTB.

Fiskarlagets landsstyre vedtok onsdag ei fråsegn om saka, der dei krev at regjeringa tek sameksistens med fiskeriinteressene i betraktning i havvindsatsinga.

– Sameksistens er vi veldig gode på i dette landet, det har vi vore gode på i veldig mange år. Eg er sikker på at vi vil finne gode, praktiske løysingar på desse problemstillingane, viss vi gjer det på den norske måten: lytte, lære, innhente kunnskap og sameine omsyna, seier Vestre.

Fiskarlaget går imot
Han legg til at det er andre omsyn som er med i biletet òg, mellom anna skipstrafikk, olje- og gassnæringa, og miljøomsyn. Ein skal rett og slett finne område der alle desse omsyna er varetekne samtidig som det er god og stabil vind.

– Det er eg heilt sikker på at ein får til, seier næringsministeren.

I fråsegna frå Fiskarlaget heiter det likevel at næringa hittil har dårlege erfaringar med tilrettelegging for vindkraftverk til havs. Bakgrunnen er mellom anna manglande kunnskap om effektar av vindkraftverk, manglande kartleggingsarbeid, manglande krav til opprydding, og dokumentasjon på at slik utbygging kan bli samfunnsøkonomisk lønnsamt i eit totalperspektiv.

– På det grunnlaget meiner Norges fiskarlag det er uforsvarleg å opne ytterlegare område for utbygging av vindkraftverk til havs. Norges fiskarlag meiner det er uakseptabelt at ein etablert, lønnsam og berekraftig næring ikkje blir teken omsyn til, og forventar at regjeringa etterlever sine eigne lovnader om sameksistens, heiter det i kommentaren.

Publisert: 10.02.2022 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2022 12:58

Mer om