Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO Foto Vidar Ruud NTB NPK
ÅTVARAR: NHOs sjeføkonom Øystein Dørum åtvarar politikarane mot å la økonomiske krisetiltak bli verande når pandemien er over. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

NHO: Gjenopning må bety slutt på krisehjelp

NHOs sjeføkonom Øystein Dørum åtvarar mot å la krisepolitikken bli den nye normalen når pandemien er over.

07.04.2021

NPK-NTB-Johan Falnes: – Ein pub som har vore stengt nokre månader, og som så får all omsetning tilbake og vel så det, den skal ikkje trenge støtte. Og den skal heller ikkje få støtte, seier Dørum.

Han har eit klart råd til statsminister Erna Solberg (H) før ho onsdag legg fram den store gjenopningsplanen sin for Noreg: Når pandemien er over, må den økonomiske krisehjelpa avviklast.

– Koronakrisa har representert eit unntak. Den kan ikkje få lov til å bli den nye normalen, seier han.

Dagpengar og kompensasjon
Dørum trekker fram dagpengar for arbeidslause og permitterte som døme. Under koronapandemien har dagpengesatsen vore forhøgd. Når pandemien er over, meiner NHO at satsen må setjast ned igjen.

– Dei ordningane som vi meinte var gode nok før koronapandemien, dei må vi òg meine at er gode nok etter koronapandemien, seier sjeføkonomen til NTB.

Eit anna døme er kompensasjonsordninga for næringslivet, der kriseramma bedrifter får dekt ein del av dei faste, uunngåelege kostnadene. Grunngivinga for denne ordninga har vore at smitteverntiltaka hindrar bedriftene frå å drive som normalt, påpeikar Dørum.

– Men når smitteverntiltaka ikkje lenger gjer det, så forsvinn òg argumentasjonen for å kompensere bedriftene.

Unntak for reiseliv
Sjeføkonomen trur likevel at nokre bransjar vil trenge meir langvarig hjelp.

Det gjeld til dømes luftfarten og reiselivet. Her er det venta at det kan ta fleire år før omsetninga kjem tilbake. Samtidig er store delar av reiselivet sesongprega, og viss 2021-sesongen ryk, må mange bedrifter vente til 2022-sesongen før dei han ha håp om normale tal igjen.

– Det kan vere eit argument for å vidareføre låg momssats for reiseliv, seier Dørum.

Han meiner òg at forlengd nedbetalingstid på utsette skattar og avgifter bør vurderast.

Samtidig fryktar Dørum at det kan bli behov for sysselsetjingstiltak i ein lang periode framover.

Innspel til gjenopningsplanen
I arbeidet med gjenopningsplanen har både NHO og Virke komme med ei rekkje innspel til regjeringa.

Eit viktig forslag frå NHOs side har vore innføring av vaksinepass, slik at dei som har fått vaksine, eller som kan dokumentere at dei har hatt covid-19, kan få ekstra fridommar.

Virke har for sin del etterlyst ei rask gjenopning av stengde verksemder.

– Virke har full forståing for at den alvorlege smitteutviklinga i mars tilsa inngripande tiltak. Vi har likevel store utfordringar med å sjå at alle tiltaka som er innførte i nasjonale føresegner, regionalt og nasjonalt, har den effekten ein ønskte, seier Virke-sjef Ivar Horneland Kristensen.

– Fram mot sommaren og gjenopninga bør det vere «heller strengt enn stengt» som gjeld, seier han.

Publisert: 07.04.2021 08:45

Sist oppdatert: 07.04.2021 08:46