- Det er ikkje berre vi som har problem. Det gjeld ei heil offshorenæring.
- Men vi er først ute med å reforhandle gjelda, og dermed vert det som skjer med oss viktig for kva som vil skje med andre seinare.
Sævik møtte pressa til ei orientering etter at styret i Havila Shipping hadde hatt styremøte mesteparten av onsdagen.
Dette har bankane sagt ja til.
Sævik opplyser at løysinga gjeld også for dei sikra obligasjonslåna.
Fokuset framover vert mest mogleg vanleg drift, medan ein arbeider å få på plass ei ny løysing med bankar og obligasjonseigarar.
- Vi kjem til å drive som før. Kundar og leverandørar vil ikkje merke noko endring, seier Sævik.
- Nei, vi har full fokus på god drift vidare framover, parallelt med at det vert jobba med å finne løysingar for gjeldssituasjonen.
Sævik seier at han opplever massiv støtte.
- Ja, vi har fått masse sms-ar og meldingar på sosiale media frå folk som støttar oss. Dette varmar.
Ein av aktørane som sa nei var Vega Offshore, som meinte at 30 prosent av pålydande var for dårleg.
Sævik seier at ein konstaterer haldninga til Vega Offshore.
- Det er 11 prosent høgare enn det lånet siste gong vart omsett for, så vi meinte at det var eit godt tilbod. Vi må berre konstatere at Vega Offshore og andre aktørar ikkje meinte det same.
- I utgangspunktet veit vi ikkje kven obligasjonseigarane gjer. Dei må gjere seg tilkjenne.
Sævik opplyser at det var stort fleirtal for den skisserte løysinga for dei sikra obligasjonslåna, men at ein var eit stykke unna for å få fleirtal for det usikra lånet på 500 millionar kroner.
No må ein rykke tilbake til start, og starte forhandlingane på nytt.
- Bankane har vore svært positive, og vi har god tru på at vi på nytt skal få ein god avtale der.
- Så gjenstår det å kome i mål med obligasjonseigarane, men etter vårt syn er det nok ein del aktørar som denne gongen stemte imot av litt prinispielle grunnar, og ikkje nødvendigvis fordi tilbodet var dårleg, seier Sævik.
Han viser til at det kjem nye gjeldsrunder med fleire andre selskap, og løysinga for Havila fort får konsekvensar for andre.
- Det er ekstra krevjande å vere først ute, men det kan også vise seg å vere ein fordel om vi snart kjem i mål.
- Nei, eg er ikkje politikar, og eg har heller ingen tru på at vi får noko hjelp frå politisk hald.
- Dette må vi nok ordne opp i sjølve.
- Men vi er først ute med å reforhandle gjelda, og dermed vert det som skjer med oss viktig for kva som vil skje med andre seinare.
Sævik møtte pressa til ei orientering etter at styret i Havila Shipping hadde hatt styremøte mesteparten av onsdagen.
Mest mogleg vanleg drift
Styret sa ja til ei tilnærma standstill-løysing, noko som betyr at selskapet inntil vidare ikkje betalar renter, avdrag eller andre finansielle forpliktingar.Dette har bankane sagt ja til.
Sævik opplyser at løysinga gjeld også for dei sikra obligasjonslåna.
Fokuset framover vert mest mogleg vanleg drift, medan ein arbeider å få på plass ei ny løysing med bankar og obligasjonseigarar.
- Vi kjem til å drive som før. Kundar og leverandørar vil ikkje merke noko endring, seier Sævik.
Massiv støtte
Selskapet har berre to skip som opererer i spotmarknaden, og Sævik trur ikkje at den uavklara finanssituasjonen vil ha noko negativ innverknad på mulegheitene for å få oppdrag.- Nei, vi har full fokus på god drift vidare framover, parallelt med at det vert jobba med å finne løysingar for gjeldssituasjonen.
Sævik seier at han opplever massiv støtte.
- Ja, vi har fått masse sms-ar og meldingar på sosiale media frå folk som støttar oss. Dette varmar.
Meinte tilbodet var for dårleg
Men for det usikra obligasjonslånet på 500 millionar kroner lukkast ikkje selskapet å oppnå to tredjedels fleirtal.Ein av aktørane som sa nei var Vega Offshore, som meinte at 30 prosent av pålydande var for dårleg.
Sævik seier at ein konstaterer haldninga til Vega Offshore.
- Det er 11 prosent høgare enn det lånet siste gong vart omsett for, så vi meinte at det var eit godt tilbod. Vi må berre konstatere at Vega Offshore og andre aktørar ikkje meinte det same.
Hatt møte med Vega Offshore
Han opplyser at ein har hatt eitt møte med Vega Offshore. Det kan verte fleire.- I utgangspunktet veit vi ikkje kven obligasjonseigarane gjer. Dei må gjere seg tilkjenne.
Sævik opplyser at det var stort fleirtal for den skisserte løysinga for dei sikra obligasjonslåna, men at ein var eit stykke unna for å få fleirtal for det usikra lånet på 500 millionar kroner.
No må ein rykke tilbake til start, og starte forhandlingane på nytt.
Nei av prinsipp
Sævik trur at ein til slutt skal lukkast.- Bankane har vore svært positive, og vi har god tru på at vi på nytt skal få ein god avtale der.
- Så gjenstår det å kome i mål med obligasjonseigarane, men etter vårt syn er det nok ein del aktørar som denne gongen stemte imot av litt prinispielle grunnar, og ikkje nødvendigvis fordi tilbodet var dårleg, seier Sævik.
Han viser til at det kjem nye gjeldsrunder med fleire andre selskap, og løysinga for Havila fort får konsekvensar for andre.
- Det er ekstra krevjande å vere først ute, men det kan også vise seg å vere ein fordel om vi snart kjem i mål.
Ingen politikarhjelp
Sævik ropar ikkje etter hjelp frå politikarane for å hjelpe offshoreselskapa gjennom bølgjedalen.- Nei, eg er ikkje politikar, og eg har heller ingen tru på at vi får noko hjelp frå politisk hald.
- Dette må vi nok ordne opp i sjølve.
Nedskriving
Havila Shipping-styret vedtok samstundes å skrive ned skipsverdiar og aktivert vedlikehald med totalt 1.388 millionar kroner i rekneskapen for 4. kvartal 2015.Vi kjem til å drive som før. Kundar og leverandørar vil ikkje merke noko endring
Publisert: 17.02.2016 19:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53