Ferje kvamsøya montasje foto marius 11
GRATIS FRÅ I DAG: Alt frå daglegvarer til butikken, råstoff til lokale bedrifter og skuleungar brukar ferja over fjorden frå Kvamsøya. Foto: Marius Rosbach
Nytt

No er desse ferjene gratis

Det kan bli fulle ferjer, åtvarar kollektivselskap.

Marius Rosbach
01.07.2022

Åtte mindre ferjesamband i Møre og Romsdal er gratis å reise med frå fredag. Kollektivselskapet Fram åtvarer reisende mot at det også kan skape nokre utfordringar.

Seksjonsleiar Jesper Wiig er klar over at det på kan bli fulle ferjer på enkelte avgangar, som gjer at bilar og folk ikkje kjem med.

Kan bli fleire fulle ferjer
Det er ei spesielt stor utfordring på populære utfartsstader som får mykje besøk av turistar om sommaren.

- Vi vil denne sommaren følge ferjetrafikken på dei åtte sambanda tett. Og eg er trygg på at mannskapet på ferjene gjer sitt beste for dei reisande, uttaler han i ei meldning frå fylkeskommunen.

Sjølv om det kan bli fleire fulle ferjer og attståande bilar er det ikkje sett av midlar til fleire ferjeavgangar enn i dag, påpeiker Wiig. Difor har dei fastbuande fått prioritet på rute som går til øyane Ona, Sandøy og Orta.

Sparar store kostnader
Bedrifter og innbyggjarar på Kvamsøya er mellom dei som no slepp å betale for å ta ferje til øya.

– Det er heilt klart at for alle som bur på Kvamsøya, så betyr dette mykje, fortalde Jarle Støylen til NETT NO.

Entec Brimer er mellom bedriftene som vil spare fleire hundre tusen kroner i direkte kvart år. Gratis ferje kan også vere positivt for å få fleire til å busette seg på øyane, og for å trekke til seg tilreisande på besøk.

Følgjande samband er gratis i Møre og Romsdal frå 1. juli:

  • Arasvika-Hennset
  • Molde-Sekken
  • Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona
  • Festøya-Hundeidvika
  • Sæbø-Leknes
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya (PS: Reiser mellom Åram og Larsnes vil ikkje vere gratis)
  • Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya (PS: Reiser til og frå Dryna vil ikkje vere gratis)

Publisert: 01.07.2022 14:39

Sist oppdatert: 01.07.2022 14:43

Mer om