Asbjørn Støylen Entec Brimer foto marius 11
KVAMSØYA: For Asbjørn Støylen og dei andre som jobbar ved Entec Brimer, er ferja ein del av arbeidskvardagen. Frå 1. juli blir den gratis. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Her får folk og bedrifter snart gratis ferje

Vil spare store summar - men det er ingen mirakelkur for øysamfunn som Kvamsøya.

Marius Rosbach
18.06.2022

I generasjonar har øybuarar og bedrifter på Kvamsøya levd med ekstrakostnaden ved å ta ferje til og frå øya. Om kort tid blir sambandet som går ut til øyane i Sande, eitt av fleire samband rundt i landet som blir gratis.

– Det er heilt klart at for alle som bur på Kvamsøya, så betyr dette mykje, fortel Jarle Støylen til NETT NO.

Mange kjenner Støylen som Brimer-gründer og han er framleis engasjert i bedrifta som no heiter Entec Brimer. Han bur på Kvamsøya, og viser til at billettinnektene på ferjene beløper seg til fleire millionar kroner.

– Det er pengar som folket som bur på øyane no vil spare, påpeiker han.

«Gode dagar» med ferje kvar time
Ferje og båt er livsnerva for øysamfunn som Kvamsøya. Om vinteren må dei vente to timar på neste ferjeavgang om dei har kome for seint ned på kaia.

No i sommarhalvåret har dei «gode dagar» med avgang kvar time.

– Vi vil gjerne ha heilårsdrift med timesavgangar, påpeiker Støylen.

Snart slepp iallfall dei reisande å betale når dei køyrer om bord. Tiltaket er eit ledd i Ap-Sp-regjeringa sitt arbeid med å senke kostnadene for dei ferjereisande.

Ferjemannskapet er spent på om det vil føre til meirarbeid fordi fleire øybuarane tek med seg bilen over fjorden. Som passasjer er det allereie gratis å reise på alle ferjer, og difor sett mange igjen bilen i dag.

Entec brimer kvamsøya foto marius 11
PRODUKSJONSARBEID: Brimer lager mellom anna store kar som skal fraktast til kundar over heile landet. Fleire ferjeavgangar gir betre flyt i arbeidet. Foto: Marius Rosbach

Bedriftsleiar: – Heilt avgjerande
Bedriftene som held til på øya vil naturleg nok merke at ferjeutgiftene forsvinn. Dagleg leiar Tore-Jakob Reite i Entec Brimer fortel at det dreiar seg om minst fleire hundre tusen kroner i direkte innsparing årleg.

– At storsamfunnet legg skikkeleg til rette for at folk både kan bu og drive næringsverksemd på slike plassar, er heilt avgjerande, meiner han.

Også leverandørane sparer og Reite har tru på at det skal gi dei nokre kroner mindre i varekost på sikt.

Om det har stort å seie for dei som pendlar på jobb, er han usikker på. Fordi ferjeturen tek 45 minutt, trur han mange framleis vil velje hurtigbåten.

Slepp å bruke tida på å vente
At det er sett inn ei ekstra ferje i sommarhalvåret, som betyr avgangar kvar time, er også ein fordel for ei bedrift som Entec Brimer.

– Kvar gong vi skal ut med noko som skal til fastlandet, så gir det oss mulegheiter til å spare tid, fortel Reite.

Eit døme var førre måndag. Då spara to bilar med to personar kvar, fire og ein halv time på at dei kunne reise med ei tidlegare ferje - enn dei kunne gjort med avgangar annakvar time. Slike eksempel har dei mange av.

Brimer-sjefen påpeiker at han gjerne skulle hatt det slik heile året, slik at bedrifta kunne planlagt heilårsdrifta med timesavgangar. I tillegg til fabrikken på Kvamsøy har selskapet 120 tilsette ved ulike avdelingar i Ulsteinvik og på Sjøholt.

– Desse utfører monteringsarbeid rundt i heile landet året rundt, og lågare ferjekostnader og hyppigare avgangar, er eit godt bidrag til vår konkurransekraft, seier Reite.

Ferje kvamsøya montasje foto marius 11
LIVSNERVA: Alt frå daglegvarer til butikken, råstoff til lokale bedrifter og skuleungar brukar ferja over fjorden frå Kvamsøya. Foto: Marius Rosbach

Kjempar for fastlandssamband
Gratis ferje kan også vere positivt for å få fleire til å busette seg på øyane, og for å trekke til seg tilreisande på besøk.

Øybuar Jarle Støylen er likevel usikker på om det vil utgjere noko stor skilnad. Han er styreleiar i Sande Fastlandssamband, og meiner veg til øyane er den einaste løysinga som verkeleg vil monne.

– Vi håpar det kan vere mogleg å bruke dei pengane som er meint å gå til nye ferjekaier på strekninga om nokre år - til fastlandssamband. Det er den einaste løysinga som kan få opp talet på innbyggjarar skikkeleg – og vil vere sjølvfinansierande.

– Men alle monner drar – og gratis ferje betyr litt, sjølv om fjorden framleis skil oss, legg han til.

Sju gratis ferjer på Nordvestlandet
På Nordvestlandet er det snakk om til saman sju ferjesamband som blir gratis frå 1. juli. På Larsnes - Åram - Voksa – Kvamsøya-sambandet blir reisen til øyane gratis – fordi dei ikkje har noko alternativt vegsamband.

På fem andre samband i Møre og Romsdal blir reisa gratis, fordi det er færre enn 100.000 passasjerar årleg.

Det blir også gratis å reise på Måløy - Husevågøy – Oldeide-sambandet i Vestland fylke

Desse ferjene blir gratis (ekstern lenke)

Vartdal plast jan endre sindre ingvild vartdal foto marius
VARTDAL PLAST: Jan Endre Vartdal (t.v.) leiar ei bedrift som er storbrukarar av ferjer. Dei vil spare fleire hundretusen årleg når Festøya-Hundeidvika blir gratis. Foto: Marius Rosbach

– Det monnar for oss dette her
Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal gler seg over at Festøya – Hundeidvika er mellom sambanda som blir gratis.

– Det monnar for oss dette her, seier han til NETT NO.

Ørsta-bedrifta på Vartdalstranda har årlege ferjeutgifter på 16-17 millionar kroner, og er den største brukaren av sambandet mellom Ørsta og Sykkylven, fortel Vartdal.

– For oss utgjer dette fort ei årleg innsparing på kring ein halv million kroner. Men det viktigaste er at det blir politisk merksemd om meirkostnadene ved å vere avhengig av ferje, seier han.

Har lova å halvere ferjeprisen
Det siste året har eit fleirtal på Stortinget blitt samde om at ferjeprisane skal halverast i løpet av stortingsperioden. Vartdal Plast-sjefen meiner signala er viktige for dei som vil drive og bu i små kystsamfunn.

– Det kan vere med å halde opp konkurransekrafta i områder der vi er heilt avhengige av å skape arbeidsplassar for å ha busetnad, seier han.

Henrik dalelid vedde foto ogne øyehaug 22
«KAKEPYNT»: Leiar Henrik Dalelid Vedde sett naturlig nok pris på gratisferjene, men påpeiker at det er eit tiltak som kostar lite. Foto: Ogne Øyehaug

– Meir som populistisk kakepynt
Til saman 83 millionar kroner har regjeringa løyvd til gratis ferjer i år. Leiar Henrik Dalelid Vedde i Ferjeaksjonen Møre og Romsdal er glad for eitkvart skritt i rettning av lågare ferjeprisar.

Men gratis reise på dei minste sambanda i landet, meiner han monnar lite i det store bilde med auka drivstoffkostnader og andre galopperande utgifter.

– Det er meir som populistisk kakepynt å rekne, seier han om løyvinga til gratisferjer på dei drygt 50 sambanda.

– Å innføre ei halvering av ferjeprisane - med ein gong, ville vore ei god handsrekning til konsumentar og småbarnsfamilier, legg han til.

Publisert: 18.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 20.06.2022 10:16

Mer om