Utviklar ny type autonome ferjer
Vegvesenet startar dialog med reiarlag om forskingsprosjekt - som også vil ta i bruk flytande ferjekaier.
Fleire sunnmørsbedrifter er med på eit forsking- og utviklingsprosjekt kalla Embla, som jobbar med å utvikle ferjer som på sikt skal vere heilt sjølvstyrte, eller autonome.
– Målsettinga er at konseptstudie skal vere ferdig ved utgangen av 2023 med løysing klar for kommersiallisering. Det inkluderer også eit løysingsforslag på heilt ny type flytande ferjekai, heiter det i ei pressemelding frå prosjektleiar Idar Flø.
Statens vegvesen startar no dialogmøter med ferjereiarlag. Ambisjonen er å lyse ut ferjestrekninga Lavik-Oppedal over Sognefjorden «med nye krav til digitalisering og autonomi innan rimeleg kort tid», heiter det i meldinga.
Har sprunge ut på Hareid
Idar Flø er administrerande direktør i Norwegian Centre of Maritime
Communication som held til på Hareid, der prosjektet har sprunge ut.
I tillegg er følgjande aktørar frå søre Sunnmøre med i arbeidet: Ulmatec, Dimo, Hareid Elektriske, Ulstein Betong Marine og Myklebust Verft.
Seniorforskar Ørnulf Jan Rødseth ved Sintef Ocean er tilknytta prosjektet, som også inkluderer Førde-selskapet The Norwegian Ship Design Company. Aktørane er mykje dei same som i 2019 lanserte ideen om eit senter for autonom skipsfart.
Vil bruke fleire og mindre ferjer
Ideen til Embla-partnarane er at fleire og mindre ferjer som fraktar
folk og bilar over fjordane, vil vere eit godt alternativ til dagens
kommunikasjonsstruktur.
Dei påpeiker óg at det vil gi samfunnsøkonomisk gevinst samanlikna med investering og drift av tunnelar og bruar som fjordkryssing.
Ideen er truleg musikk i øyrene for forfattarane av ein DNV-rapport som kom førre veke. Den peika nettopp på hyppigare og meir effektive ferjer, som alternativ til å bygge bruer og tunnelar.
Vil ha flytande ferjekaier
Prosjektet ser føre seg ei ny type ferjekai som flyter på vatnet, der all intrastrukturen er plassert i kaia.
– Det forenklar alle prosessar og reduserer risiko ved utfall av tekniske element som feil på ladeplugg i ladetår, køyrebrus om fellert ned og liknande, heiter det i meldinga frå Embla-prosjektet.
Ferjene som prosjektet skal utvikle, skal kunne nytte ulike energiløysingar. Batteripakkar kan plasserast i konteinerar som kan skiftas ut.
Heilautonom på sikt
Når det gjeld brukarane av «Embla-ferjene», vil dei auka talet på avganger, ha mindre venting og nattavgangar basert på behov.
Konseptet skal på sikt segle heilautonomt utan bemanning, og samtidig utføre både lasting og lossing og plassering av køyretøy og passasjerer.
For å kome dit meiner prosjektaktørane ein treng å utvikle nye styresystem for landanlegga og tekniske løysingar utfører oppgåvene mannskap gjer i dag. Det er nødvendig for å ikkje auke mannskapskostnadene når fleire ferjer blir sett i drift, påpeikast det i meldinga.
Publisert: 16.05.2022 04:59
Sist oppdatert: 16.05.2022 02:12