Ferje møreaksen montasje Illustrasjon Rambøll DNV 11
Automatiserte ferjer, med noko bemanning, er eit godt alternativ til bygging av bru og tunnel, som Møreaksen-prosjektet (t.v.) er et eksempel på. Illustrasjon: DNV
Nytt

Automatiserte ferjer betre enn bru og tunnel

Eit heilt nytt konseptet kan også gi auka effektivitet og hyppigare avgangar, ifølgje studie.

NPK
13.05.2022

(NPK): Automatiserte ferjer, med noko bemanning, er eit godt alternativ til bygging av bru og tunnel. Eit heilt nytt konseptet kan også gi auka effektivitet, hyppigare avgangar og god framkomme.

Dette er hovudkonklusjonane i ein pilotstudie i regi av Grønt Skipsfartsprogram. Bak prosjektet står mellom anna Sjøfartsdirektoratet, saman med dei tre største ferjereiarlaga og ei rekkje aktørar frå maritim næring. Statens vegvesen har også delteke i studien.

Det er i dag om lag 130 ferjesamband i Noreg som blir trafikkerte av rundt 200 ferjer. Årleg fraktar desse ferjene rundt 20 millionar køyretøy og 40 millionar passasjerar. Dei kommande åra er trafikken med ferjer forventa å auke ytterlegare.

– Vi må halde fram med å tenkje nytt, halde fram med å vere innovative, ikkje kvile på laurbær, men utnytte moglegheitene som tidlegare suksesshistorier har skapt. Det betyr at vi må fri oss frå den tradisjonelle tankegangen der bruer og tunnelar skal løyse alle trafikkutfordringar langs kysten, seier prosjektleiar Pia Meling i ei pressemelding.

Ho har leia det breie teamet som har lagt fram rapporten om framtidig trafikkavvikling langs kysten: Smarte Fjordkrysninger.

Morfartøy med ferjeflåte
Konklusjonen i rapporten er at sjølvstendige enkeltferjer framover bør bli erstatta av ein flåte av fartøy. Fleire ferjer på eit samband vil gi høg frekvens på anløp og ei betre transportteneste for befolkninga.

Meling og prosjektteamet meiner at kostnaden kan haldast nede ved at ein serie ferjer blir bygd med ein enklare konfigurasjon og blir drifta med redusert bemanning om bord, støtta av eit fullt bemanna og meir avansert morfartøy som utgjer eit lokalt sikringsnett for dei enklare ferjene.

Ein flåte beståande av eitt morfartøy og fleire mindre dotterfartøy vil i tillegg kunne støttast av digitale tenester og kompetente ressursar frå eit kontrollsenter på land, meiner dei.

Tilpassa trafikken
Mindre ferjer vil vere meir kostnadseffektive. Dei kan elektrifiserast, og energiinnsparinga vil også vere stor sidan berre ei enkelt, lita ferje vil vere i rørsle på tider med låg trafikk. I dag går det uavhengig av etterspurnaden ei relativt stor ferje på rutetabell, ofte med få bilar og passasjerar om bord, heiter det i pressemeldinga.

– Dersom vi tenkjer nytt rundt heilskapen i eit slikt transportsystem: korleis det kan optimaliserast med varierande trafikkmengd gjennom døgnet, veka, og året – og korleis ferjene kan utgjere redundans og beredskap for kvarandre, vil vi oppnå meir for pengane. Dette gjer at ferjesystem i større grad vil vere konkurransedyktige med bru og tunnel, poengterer Pia Meling.

Ho rettar også blikket mot verdiskaping i norsk maritim næring og legg til:

– På same måte som norsk maritim industri har utvikla teknologi og løysingar for elektrifisering i skipsfarten, kan nye, norske arbeidsplassar bli skapt for bygging og drift av flåtar av ferjer med avanserte, autonome løysingar.

(©NPK)

Publisert: 13.05.2022 13:12

Sist oppdatert: 13.05.2022 13:44

Mer om