Til saman nærare 450 tilsette i dei tre selskapa Kleven Verft, Kleven Martime Contracting og Kleven Maritime Technology er råka av verftskonkursen i Ulstein.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortalde til at det ikkje er innleia reelle forhandlingar med aktørar som har meldt si interesse for å ta over verftet – men at det har vore «gode sonderingar».
- Vi har jobba iherdig med dette og har prioritert dei som ikkje har fått løn sidan mai. Det er sendt over dokumentasjon til Nav, der vi no ventar på eit vedtak, fortel Hamre til NETT NO og la til at dei var lova «ekspressbehandling».
Seint tysdag ettermiddag kom det også på plass ein avtale om at bankane forskotterer iallfall delar av pengane, ifølgje som meldte om avtalen først. Truleg kjem pengane på konto i løpet av få dagar.
- Det kom litt brått på, og nokre er usikre på om dei tør reise på ferie fordi dei ikkje veit korleis det blir med løn, fortel Høydalsvik.
For andre er det verre stilt, og enkelte har mangla pengar til mat. Desse har fått naudhjelp frå Nav, påpeiker Høydalsvik.
Oppseiingane som kom tysdag, gjeld for dei tre selskapa som no er under konkursbehandling. Dei tilsette i KMC-selskapet kjem i første rekke frå Romania og nokre frå Polen. No er kring halvparten av dei i heimlandet på friperiode. Nokre har også flytta permanent til Norge.
Dei kring 200 tilsette i Kleven Verft har fått den løna dei skal ha til no, men den neste utbetalinga, er det per no ikkje pengar til.
- Om vi ikkje får beskjed om noko anna, så skal vi gå på jobb, fortel Høydalsvik.
Noko slik beskjed hadde ikkje kome seint tysdag ettermiddag.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortalde til NETT NO tidlegare tysdag at det var viktig å halde arbeidet i gong på fiskebåten til Nordnes og eit forsyningsskip til eit kanadisk reiarlag, som no er pågåande ved verftet.
- Eg trur at det vil kome inn nye eigarar, men vi er framleis avhengige av meir arbeid, legg han til.
Etter at dei to omtala prosjekta er levert, er ordreboka ved verftet tom. Dei førre eigarane i Div Group har meldt om to intensjonsavtalar, som no er vekke.
I kjølvatnet av dei økonomiske problema frå koronapandemien, har også dei tidlegare verftseigarane i Hurtigruten droppa fleire ombyggingsoppdrag.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortalde til at det ikkje er innleia reelle forhandlingar med aktørar som har meldt si interesse for å ta over verftet – men at det har vore «gode sonderingar».
Les også:
Er lova «ekspressbehandling»
Parallelt med det meir langsiktige arbeidet, jobbar bustyrarteamet med å få ta vare på dei tilsette. Drygt 200 av dei tilsette i Kleven Maritime Contracting (KMC) har ikkje fått utbetalt løn og feriepengar. Dei minst 15 millionar kronene, er dekka gjennom lønsgarantifondet, men ei utbetaling derifrå tek til vanleg lang tid.- Vi har jobba iherdig med dette og har prioritert dei som ikkje har fått løn sidan mai. Det er sendt over dokumentasjon til Nav, der vi no ventar på eit vedtak, fortel Hamre til NETT NO og la til at dei var lova «ekspressbehandling».
Seint tysdag ettermiddag kom det også på plass ein avtale om at bankane forskotterer iallfall delar av pengane, ifølgje som meldte om avtalen først. Truleg kjem pengane på konto i løpet av få dagar.
Enkelte har mangla pengar til mat
Tillitsvalt Olav Høydalsvik i Fellesforbundet fortel at feire av dei tilsette blei uroa, etter at dei formelt fekk vite at dei er oppsagd på eit allmøte tysdag.- Det kom litt brått på, og nokre er usikre på om dei tør reise på ferie fordi dei ikkje veit korleis det blir med løn, fortel Høydalsvik.
For andre er det verre stilt, og enkelte har mangla pengar til mat. Desse har fått naudhjelp frå Nav, påpeiker Høydalsvik.
Oppseiingane som kom tysdag, gjeld for dei tre selskapa som no er under konkursbehandling. Dei tilsette i KMC-selskapet kjem i første rekke frå Romania og nokre frå Polen. No er kring halvparten av dei i heimlandet på friperiode. Nokre har også flytta permanent til Norge.
Dei kring 200 tilsette i Kleven Verft har fått den løna dei skal ha til no, men den neste utbetalinga, er det per no ikkje pengar til.
Skal kome på jobb
Samtidig som dei er oppsagde, har dei tilsette fått beskjed om at dei skal kome på jobb:- Om vi ikkje får beskjed om noko anna, så skal vi gå på jobb, fortel Høydalsvik.
Noko slik beskjed hadde ikkje kome seint tysdag ettermiddag.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortalde til NETT NO tidlegare tysdag at det var viktig å halde arbeidet i gong på fiskebåten til Nordnes og eit forsyningsskip til eit kanadisk reiarlag, som no er pågåande ved verftet.
Trur på nye eigarar
Buet jobbar no for å få på plass ei løysing for vidare drift, der ein vil ta inn att eit ukjent tal tilsette i arbeid på desse to prosjekta. Høydalsvik har framleis trua på det vil kome ei positiv løysing.- Eg trur at det vil kome inn nye eigarar, men vi er framleis avhengige av meir arbeid, legg han til.
Etter at dei to omtala prosjekta er levert, er ordreboka ved verftet tom. Dei førre eigarane i Div Group har meldt om to intensjonsavtalar, som no er vekke.
I kjølvatnet av dei økonomiske problema frå koronapandemien, har også dei tidlegare verftseigarane i Hurtigruten droppa fleire ombyggingsoppdrag.
Alt om Kleven-dramaet:
Analyse:
Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk:
Banksjef i Sparebank 1 SMSN:
Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:
Klubbleiar:
Tillitsvalt:
Verftsdirektøren:
Nokre er usikre på om dei tør reise på ferie fordi dei ikkje veit korleis det blir med løn
Publisert: 07.07.2020 17:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59