Sykkylven Stål montasje stoler Karl Inge Rekdal foto Ogne Sykkylven Stål 11
SYKKYLVEN: Karl Inge Rekdal leier selskapa Sykkylven Stål og Dynoform. Han forventar sterk vekst etter suksess med nye funksjonsløysingar for stolar, i tillegg til sal av eigenproduserte utemøblar. Foto: Kjetil Haanes og Sykkylven Stål
Nytt

- No ser det lyst ut

Sykkylven-bedrift med store ambisjonar. Trur på dobling av omsetninga på fire år.

14.01.2022

- Vi har ein klar ambisjon om minimum 20 prosent vekst årleg, men vi meiner også at ambisjonane er realistiske.

- Vi har vore ned i nokre bølgjedalar, men no ser det lyst ut.

Det seier adm. dir. Karl Inge Rekdal i Sykkylven Stål.

Selskapet har lenge produsert undervisningsmøblar, og har sin eigen nettside Skolemobel.no.

I tillegg har selskapet hatt suksess med utviklinga av produkt under merkenamnet Dyfosit, som er ein serie funksjonsløysingar til sitjemøblar.

- Vi har blant anna hatt stor suksess med den patenterte løysinga MK5, ei løysing som gjer at stolen reflekterer dine rørsler slik at du oppnår maksimal komfort og den rette sitjestillinga slik at du fort kjem tilbake i kvilepuls, seier Rekdal.

Klaff for nytt selskap
Ei rekke produsentar av kvilestolar både nasjonalt og internasjonalt har tatt i bruk dei ulike funksjonssystema til Sykkylven-selskapet.

Men i 2020 vart søsterselskapet Dynoform AS stifta, med mål om å produsere ferdige utemøblar, og ikkje berre komponentar til møbelindustrien, slik Sykkylven Stål er kjend for.

Rekdal melder om stor salssuksess i 2021, og forventar vidare vekst gjennom sal av utemøbelserien Ario, men også som følgje av utvikling av nye produkt til både privat og offentleg marknad i 2022.

- Blant anna vert serien no seld gjennom Skeidar sine 50 butikkar.

Fokus på berekraft
Rekdal seier at det er satsa stort på berekraft ved utvikling og produksjon av møblane.

- Vi har nytta oss av ein anerkjend norsk designar, vi brukar norsk furu, aluminium og vi samarbeider med lokale aktørar, samt at vi nyttar oss av moderne produksjonsteknologi for å oppnå det beste resultatet og minske fotavtrykket.

Akkurat no er det veldig kjekt å vere leiar for Sykkylven Stål og Dynoform
Karl Inge Rekdal

Meir synlege
No vert det søkt om digital kommunikasjonsleiar, salsansvarleg samt andre stillingar i drifta.

- Vi har siste tida satsa offensivt på å vere meir synleg i sosiale medium. Vi har blant anna no fire ulike nettsider, og er langt meir aktive enn før på plattformer som Linkedin, Facebook og Instagram, seier Rekdal.

I 2019 landa omsetninga i Sykkylven Stål på 54,9 millioner kronar med eit plussresultat på 0.5 millionar kroner. I 2020 hadde selskapet ambisjonar om vekst, men som følgje av pandemien og eit krevjande år landa omsetninga på 49,1 millionar kroner med eit resultat før skatt på minus 0,5 millionar kroner.

100 millionar i 2024
Rekdal seier at i 2021 kom omsetninga opp i 56 millionar.

- Målet er å nå 100 millionar kroner i 2024. Det trur eg vi skal klare.

Rekdal eig 50 prosent av Sykkylven Stål Holding. Den andre halvparten er eigd av Lars M. Hjellegjerde Skog.

- Akkurat no er det veldig kjekt å vere leiar for Sykkylven Stål og Dynoform, seier Rekdal.

Publisert: 14.01.2022 11:50

Sist oppdatert: 14.01.2022 12:12

Mer om