Ferje
KUTT: Frå i morgon skal ein betale 25 prosent mindre for å ta bil mellom Hareid og Sulesund. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

No skjer første ferjekuttet

Ferjebillettane kutta med 25 prosent frå i morgon av. Også brus vert billegare.

30.06.2021

NETT NO - NPK: Frå i morgon må du betale 92,00 kroner for bilen på ferja mellom Magerholm og Sykkylven. Det er 31,00 kroner mindre enn i dag.

Det er klart etter at alle ferjeprisar vert kutta med 25 prosent frå 1. juli.

Halvering på sikt
Regjeringa hadde i utgangspunktet lagt opp til eit kutt på 10 prosent i første omgang, men Frp fekk auka kuttet til 25 prosent i forhandlingane om det reviderte budsjettet.

Stortinget har vedtatt at prisane skal halverast på sikt.

Som ei følgje av budsjettforhandlingane har også fylkestinget i Møre og Romsdal vedtatt å kutte prisen med 25 prosent på alle fylkesvegstrekningar.

For ein personbil inntil seks meter blir ny pris (inkl. mva) til dømes:

  • Magerholm – Sykkylven: 92,00 kroner frå 1. juli, mot 123,00 før.
  • Seivika-Tømmervåg: 117,00 kroner frå 1. juli, mot 156,00 før.
  • Sølsnes-Åfarnes: 92,00 kroner frå 1. juli, mot 123,00 før.

På ferjene betaler ein framleis berre for bil. Ferjepassasjerar reiser gratis.

Frå 1. juli blir også beløpet for forskotsbetaling for Autopass for ferje-avtale redusert for bilar inntil 8 meter (gruppe AP1 og AP2).

Beløpet som må betalast går frå 3700.00 kroner til 3000 kroner per køyretøy.

Ny minstelønn
Her er dei andre endringane som skjer 1. juli:

* BSU-pengar kan brukast til oppussing. Oppsparte midlar på BSU-konto kan no «benyttes til påkostninger og vedlikeholdsarbeid på egen bolig», har regjeringa bestemt i det reviderte nasjonalbudsjettet.

* Avgift på alkoholfrie drikkevarer (sukkeravgifta) blir avvikla. Endringa inneber at avgifta på ein liter brus blir redusert med 2,09 kroner når ein tek omsyn til at det er 15 prosent moms på alkoholfrie drikkevarer.

* Fastrenta i Lånekassen stig. Den flytande renta held seg stabil, men dei tre fastrentene i Lånekassen går opp frå 1. juli. Den flytande renta er framleis på eit historisk lågt nivå på 1,421 prosent. Rentesatsar frå 1. juli: 3 år: 1,795 prosent (opp med 0,039 prosentpoeng), 5 år: 2,149 prosent (opp med 0,079 prosentpoeng), 10 år: 2,609 prosent (opp med 0,098 prosentpoeng).

* Ny minstelønn. Tilsette i ni bransjar får nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkår frå 1. juli. Dei aktuelle bransjane er byggfag, skips- og verftsindustrien, jordbruk og gartneri, reinhaldsbedrifter, fiskeindustribedrifter, elektrofag, godstransport på veg, persontransport med turbil og overnatting, servering og catering.

* Straffa for deling av nakenbilete eller valdsvideoar blir skjerpa. Personar som delar krenkjande eller openbert private bilete, filmar eller lydopptak av andre, kan frå 1. juli straffast med fengsel i inntil to år. Lovforslaget til regjeringa er vedteke av Stortinget og tek truleg til å gjelde 1. juli.

Elbilar og elsparkesyklar
* Krav for elbilladar. I alle nye bygg må det frå 1. juli leggjast til rette for elbillading på parkeringsplassane knytte til bygget. Det betyr at det skal vere føringsvegar for elektrisk infrastruktur fram til der eit ladepunkt kan monterast.

* Nye elsparkesykkelreglar. Frå 1. juli kan det setjast opp parkeringsskilt, skilt om innkøyringsforbod og fartsgrenser som også gjeld for elsparkesyklar. Og sparkesyklistar kan få bot for å bryte reglane.

* 10-knopregelen blir fjerna. Regelverket for småbåtar blir mjuka opp slik at barn og unge mellom 12 og 16 år framleis får køyre båtar med inntil 10 hestekrefter, men no slepp dei å halde seg under 10 knop for å køyre lovleg.

* Fleire bomprosjekt blir avvikla. Dette var noko Frp fekk gjennomslag for i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett. Det blir sett av 713 millionar kroner til å avvikle desse bomprosjekt frå 1. juli:

Fv 255 Jørstad – Segelstad bru (Gausdal/Lillehammer, Innlandet)

E6/E18 Østfoldpakken (Østfold, Viken)

Fv 311 Presterødbakken (Tønsberg, Vestfold og Telemark)

Fv 34 Grime-Vesleelva (Dokka-Gjøvik, Innlandet)

T-sambandet (Karmøy-Tysvær-Haugesund, Rogaland)

Finnfast (Finnøy-Rennesøy, Rogaland)

* Sysselmannen på Svalbard blir sysselmeister. Tittelen har vorte endra slik at han er no kjønnsnøytral.

Forbod mot eingongsplast

* Frå 3. juli blir det forbode med bestikk, tallerkenar, sugerøyr, ballongpinnar, rørepinnar og bomullspinnar i plast, og dessutan matbehaldarar, drikkebeger og drikkevareemballasje av isopor.

* Forbodet gjeld ikkje bomullspinnar og sugerøyr til bruk som medisinsk utstyr.

Publisert: 30.06.2021 09:14

Sist oppdatert: 30.06.2021 10:15