rettssal illustrasjon foto marius 11
FLEIRE KONKURSAR: Møre og Romsdal opplever ei stor auke i konkursar i år. Nivået er no om lag det same som i 2019, før pandemien. Foto: Marius Rosbach
Nytt

40 prosent fleire konkursar i Møre og Romsdal

Juli slutta med konkursar i byggfirma og eit vaktmesterselskap med milliongjeld.

Marius Rosbach
01.08.2023

Konkurstala har vore jamt aukande i Møre og Romsdal i år, samanlikna med 2022. Det er framleis situasjonen ved utgangen av juli månad, viser tal frå Brønnøysundregistera.

Det vart opna konkurs i 118 selskap i Møre og Romsdal i løpet av årets sju første månader (klikk for å sjå selskapa - ekstern lenke).

Det utgjer ei auke på drygt 40 prosent samanlikna med 2022. Då vart det opna 83 konkursar i perioden januar-juli.

Låge konkurstal under pandemien
Det høyrer med til historia, at det har vore svært låge konkurstal under pandemiåra 2020-2022. Mykje av dette tilskrivast krisehjelpa frå styresmaktene, samtidig som fleire bransjar har hatt svært gode år.

Til samanlikning er talet på konkursar så langt i år, om lag på nivå med 2019. Ved utgangen av juni det året, var det opna 104 konkursar i fylket.

Byggkonkurs etter skattekrav
Møre og Romsdal tingrett avslutta juli månad med å opna konkurs i byggfirmaet 1000 Bygg i Ålesund.

Ingen frå firmaet møtte då tingretten behandla konkurskravet frå skatteetaten, som opplyste at dei ikkje hadde høyrt frå saksøkte.

Ifølje rettspapira har firmaet ei gjeld på knappe 450.000 kroner som følgje av manglande betaling av moms, arbeidsgjevaravgift og skattetrekk.

Byggefirmaet hadde tre årsverk sysselsett i fjor.

Selskapet blei starta i 2017 og har hatt ei årleg omsetning frå 2,5 til 3,2 millionar dei siste åra. Tre av dei fem siste åra har enda med underskott, men etter 2022 viste rekneskapen plusstal.

Bustyrar i saka er Christian Garman, og første skiftesamling er planlagt 25. september.

Vaktmesterselskap med stor gjeld
Tingretten opna måndag også konkurs i eit enkeltpersonføretak frå Ålesund registrert i vaktmeisterbransjen.

Bakgrunnen var eit krav frå skatteetaten på 5,2 millionar kroner, ifølgje rettspapira. Innehavaren erkjente å skulde beløpet, men opplyste at hen ikkje hadde moglegheit til å betale.

Bustyrar Kristine Grønbech Rolland Devold opplyser til NETT NO tysdag at ho ikkje kan kjente til bakgrunnen for konkursen, men skal avtale eit møte med innehavaren.

Publisert: 01.08.2023 10:45

Sist oppdatert: 14.08.2023 10:10

Mer om