Nok ein milliardkontrakt til Vard
Skal bygge kabelskip til ukjent kunde.
Vard har sikra nok ei kontrakt på bygging av eit større kabelskip, det opplyser verftkonsernet i ei pressemelding fredag.
Skroget til skipet skal byggjast ved Vard Tulcea i Romania. Skipet skal bli utrusta ved eit av Vard sine norske verft.
Kontraktsverdien er på 200-250 millioner euro - eller kring 2,3 til 2,9 milliardar norske kroner.
Skipet blir designa av det norske selskapet Salt Ship Design. Meir informasjon om fartøyet og kontrakten blir gitt på eit seinare tidspunkt, blir det opplyst i meldinga.
Langt over fjoråret
Med kontrakten Vard har signert fredag har konsernet offentleggjort kontraktar for mellom 16,3 og 16,9 milliardar kroner så langt i år. Allereie etter årets ni første månadar i år hadde ordreinngangen passert ordreinngangen for heile 2022.
Ordreinngangen hittil i 2023, er over seks milliardar kroner høgare enn i heile fjor.
Dei to siste åra har Vard først og fremst sikra oppdrag med å bygge skip til vindkraftindustrien til havs, i tillegg til kabelleggingsfartøy og fiskefartøy.
Treng fleire folk
Kjetil Clementsen, som er sjef for HR i alle Vard-selskapa i Noreg, sa til NETT NO tidlegare denne veka at konsernet treng ei «betydeleg» mengde med nye folk for å ta unna alle dei nye oppdraga. Det er snakk om både ingeniørar og fagarbeidarar - og i alle Vard-selskap.
Vard vil både auke lærlingeinntaket og har rekruttert blant studentar som vil byrje å jobbe når studia er ferdig til sommaren.
Publisert: 15.12.2023 14:51
Sist oppdatert: 15.01.2024 09:31