Vard-oppdrag for 14 milliardar i år
Ligg langt over fjoråret. Treng «betydeleg» mengde med nye folk.
Vard har signert kontraktar for omlag 14 milliardar kroner så langt i år. Allereie etter årets ni første månadar i år hadde ordreinngangen passert ordreinngangen for heile 2022.
Ordreinngangen hittil i 2024 omlag fire milliardar kroner høgare enn i heile fjor.
Dei to siste åra har Vard først og fremst sikra oppdrag med å bygge skip til vindkraftindustrien til havs, i tillegg til kabelleggingsfartøy og fiskefartøy.
Jobbar med fleire cruiseoppdrag
Alt blir rapportert under forretningsområdet offshore- og spesialskip i rekneskapen til Vard-eigar Fincantieri. Det forretningsområdet er ei reindyrka Vard-verksemd.
Vard-verfta byggjer også cruise-skip, men den marknaden vart sett på pause då coronapandemien kom.
I byrjinga av november i år, sa Vard-sjef Alberto Maestrini til NETT NO at Vard arbeidde med ei rekkje nye cruiseprosjekt.
Byggeavtaler til kring 14 milliardar
Ved utgangen av tredje kvartal i år var det inngått kontraktar på forretningsområdet offshore- og spesialskip for 887 millionar euro - cirka 10,4 millionar kroner.
Hittil i fjerde kvartal har Vard offentleggjort kontaktar for omlag 3,6 milliardar kroner.
Tala er basert på Fincantieri sine rekneskapsrapportar, opplysningar i pressemeldingar og NETT NO sine anslag for storleiken på kontraktar der prisen ikkje er opplyst.
Treng fleire folk
Fleire oppdrag gjer at verfta er på jakt etter fleire folk. Seinast tysdag kunne NETT NO fortelje at både Green Yard Kleven og Båtbygg på Raudeberg er på jakt etter nye tilsette.
Kjetil Clementsen, som er sjef for HR i alle Vard-selskapa i Noreg, seier konsernet treng ei «betydeleg» mengde med nye folk for å ta unna alle dei nye oppdraga. Det er snakk om både ingeniørar og fagarbeidarar - og i alle Vard-selskap.
Vard vil både auke lærlingeinntaket og har rekruttert blant studentar som vil byrje å jobbe når studia er ferdig til sommaren.
Kjapp endring
Oppdreinngangen viser korleis tidene har skifta for skipsverfta.
I 2022 fekk alle dei norske verfta til saman kontraktar for 6,6 milliardar kroner. Så langt i år har Vard åleine signert kontraktar for meir enn det dobbelte.
Ordreinngangen har skote fart utover hausten.
I starten av september var det inngått kontraktar på 22 fartøy, for tilsaman 8,5 milliardar kroner, ifølgje statistikken til Norske Skipsverft. Sal- og marknadsføringsorganisasjonen registrerer kontraktar over 50 millionar kroner. Ved inngangen av oktober var det auka til 25 skip og 11 milliardar kroner.
Publisert: 13.12.2023 05:00
Sist oppdatert: 13.12.2023 21:34