Nordøyvegen
NORDØYVEGEN: Gjev pris til Nordøyvegen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Nordøyvegen heilt til topps

Vart onsdag kåra til Årets anlegg i Norge i 2022.

22.03.2023

Nordøyvegen-prosjektet til Møre og Romsdal fylkeskommune kan no titulere seg som Årets anlegg for 2022. I konkurranse med to andre gode prosjekt i Norge, fekk Nordøyvegen den gjeve prisen under Byggedagane i Oslo.

- Dette er ei stor fjær i hatten til alle som har vore involvert i Nordøyvegen-prosjektet. Dette er velfortent heider til prosjektleiinga vår, til entreprenøren Skanska, deira underentreprenørar, og samarbeidet oss i mellom. Å vinne denne prisen i konkurranse med så gode prosjekt er veldig moro, seier prosjektsjef for vegprosjekt i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol, i ei pressemelding.

Vatnehol var sjølv til stades på Byggedagane saman med fleire av sine kollegaer som har jobba på prosjektet.

Nordøyvegen
PRIS: Glad delegasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune, saman med entreprenøren Skanska: Geir Inge Bersås, Line Folstad (Skanska), Bjørn Sunde, Ramiz Ahmetagic, Are Eliassen (Skanska), Grzegorz Gucwa (Skanska), Torbjørn Vatnehol, Erlend Opstad, Ragnhild Holen Relling, Anita Nesthus (Skanska), Gunnar Jan Valde, Anne Grete Sætre. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

- Stolte over arbeidet
Dei to andre anleggsprosjekta som var nominerte var Bybanen mellom sentrum og Fyllingsdalen i Bergen, og vegprosjektet E39 Kristiansand vest-Mandal øst.

Fylkeskommunen skriv at årets anlegg er ein anerkjend pris som kvart år blir gitt til prosjekt som utmerkar seg på mellom anna framdrift, HMS, miljø, kostnadskontroll og samarbeid i byggeprosessen. Byggedagane blir arrangert av Byggenæringens Landsforeining, Entreprenørforeininga Bygg og Anlegg og Byggeindustrien/bygg.no

- Vi frå Møre og Romsdal fylkeskommune er stolte over arbeidet vi som byggherre har utført saman med entreprenøren Skanska, underentreprenørane og andre involverte partar. Prosjektet blei opna før ferdigstillingsfristen og innafor kostnadsramma. Denne prisen bekreftar at vi har gjort veldig mykje riktig på Nordøyvegen, seier Vatnehol.

Store positive effektar
Nordøyvegen gir 2.700 innbyggarar på Nordøyane fastlandsforbinding med resten av Ålesund kommune, som har store positive effektar for privatpersonar og næringslivet i regionen. Prosjektet erstattar to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband. Møre og Romsdal fylkeskommune var byggherre, medan Skanska Norge AS var hovudentreprenør.

Juryen trekkjer mellom anna fram at prosjektet har flotte tunnelanlegg og har bidrege med mykje og god informasjon til alle i nærområdet. Det har vore godt samarbeid mellom dei involverte for å finne de beste løysningane og brei samhandlingsprosess med mange involverte.

Prosjektet hadde god kompetanse på alle sider av bordet, samt vilje og evne til å bidra med opplæring både av lærlingar og studentar ved universitetet.

Publisert: 22.03.2023 22:55

Sist oppdatert: 22.03.2023 22:55