Opnings nordøyvegen skjermfoto 22
SNORKUTTING: Oddbjørn Vatne haldt kniven som kutta snora for vegen. Etter opprydning blei vegen opna for vanleg trafikk. Skjermfoto
Nytt

Opna Nordøyvegen: – Ei ny tidsrekning

No har øybuarane døgnope veg.

Marius Rosbach
27.08.2022

Laurdag klokka 13 starta opningsarrangementet for Nordøyvegen. Møre og Romsdal fylkeskommune hadde invitert alle til ei høgtideleg markering på Myklebust.

– Det blir ei ny tidsrekning. Tida før og etter Nordøyvegen, sa fylkesordførar Tove Lise Torve då ho innleia seansen. Etter kring tre kvarter kunne eit knippe fylkespolitikarar kutta snora på sjølve vegen.

Etterpå inviterer IP Huse og kommunedelsutvala for Nordøyane og Fjørtoft og Sandøy til folkefest på industriområdet til IP Huse på Steinshamn.

Nordøyvegen gir fastlandssamband til rundt 2700 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya, Fjørtofta og Harøya.

Vegen erstattar to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.

Sjå opningsseremonien i opptak:

Opnings nordøyvegen skjermfoto 11
MANGE FRAMMØTE: Fleire tusen personar hadde møtt opp for å få med seg opninga laurdag. Skjermfoto

Les om Nordøyveg-prosjektet:

Opningsfest nordøyvegen innfelt torve knobelauch skjermfoto 11
OPNINGSFESTEN: Fylkesordførar Tove Lise Torve (innfelt) saman med ungdomsskuleelev Ole Theodor Knobelauch innleia opningsfesten. Skjermfoto

Publisert: 27.08.2022 13:13

Sist oppdatert: 27.08.2022 15:52

Mer om