Nordøyvegen
NORDØYVEGEN: 22. mars vert det avgjort om Nordøyvegen vert kåra til årets anlegg for 2022. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Nominert til gjev pris

Konkurrerer om årets anlegg for 2022 med prosjekt i Bergen og Agder.

07.03.2023

Nordøyvegen-prosjektet til Møre og Romsdal fylkeskommune er nominert til Årets anlegg for 2022. Saman med to andre prosjektet konkurrerer dei om den prestisjetunge prisen som blir delt ut på Byggedagane 22. mars, i Oslo, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Det blir vist til at Nordøyvegen gir 2700 innbyggarar på Nordøyane fastlandsforbinding med resten av Ålesund kommune, som har store positive effektar for privatpersonar og næringslivet i regionen. Prosjektet erstattar to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband. Møre og Romsdal fylkeskommune var byggherre, medan Skanska Norge AS var hovudentreprenør.

Stor anerkjenning
- Dette er moro! Berre det å bli nominert er ei stor anerkjenning. Vi sette oss som mål saman med Skanska, allereie før anleggsstart, at vi skulle bli nominert til denne prisen. Vi er stolte over arbeidet vi har utført saman med dei, underentreprenørane og andre involverte.

- Prosjektet blei opna før ferdigstillingsfristen og innafor kostnadsramma. Vi har hatt med oss dyktige medarbeidarar, som har fått med seg mykje erfaring som vi tek med oss vidare inn i nye prosjekt, seier prosjektsjef for vegprosjekt i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.

Bybanen
Dei to andre anleggsprosjekta som er nominerte er Bybanen mellom sentrum og Fyllingsdalen i Bergen, og vegprosjektet E39 Kristiansand vest-Mandal øst. Årets anlegg er ein anerkjend pris som blir delt ut under Byggedagene, og blir gitt til prosjekt som utmerkar seg på mellom anna framdrift, HMS, miljø, kostnadskontroll og samarbeid i byggeprosessen.

Byggedagane blir arrangert av Byggenæringens Landsforeining, Entreprenørforeininga Bygg og Anlegg og Byggeindustrien/bygg.no.

- Dette er ein heilskapspris der prosjekta skal ha dokumentert framifrå gjennomføring knytt til ei rekke sentrale punkter, og at det blir stadig tøffare å kome gjennom nålauget, seier juryformann for prisen, Per-Arne Horne til Byggeindustrien.

Publisert: 07.03.2023 14:49

Sist oppdatert: 07.03.2023 17:21

Mer om