Nordøyvegen innfelt ann kristin farstad foto kjetil 11
NORDØYVEGEN: Ann-Kristin Farstad meiner at nivået på bompengane avgjer utviklinga på Nordøyane. Ei rekke bedriftsleiarar er av same oppfatning, viser undersøking. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Bompengesatsane avgjer utviklinga

Ho er optimist for Nordøyane, men meiner at høge bompengeprisar kan stoppe utviklinga. Det er ho ikkje åleine om.

09.07.2022

- Nordøyvegen er fantastisk, og noko vi har venta på i mange tiår, men bompengeprisane avgjer den vidare utviklinga for øyane her ute.

Det seier dagleg leiar Ann-Kristin Farstad ved Joker Lepsøya.

Ho er fjerde generasjon drivar av det tidlegare handelslaget på øya.

175 kroner med rabatt
Ho seier at bygginga av Nordøyvegen har skapt ny optimisme, men det store samtaleemnet er no bompengesatsane.

Når bompengeinnkrevjinga startar 5. september i år vil prisen for ein personbil vere 217 kroner og 657 kroner for større bilar.

Med autopass-avtale vil ein få 20 prosent rabatt for personbilar, slik at bomprisen vert 175 kroner. Innkrevjingsperioden blir inntil 25 år.

Optimistisk for Lepsøya
Ann-Kristin Farstad seier at så høge bomsatsar vil føre til at færre som har jobb på fastlandet vel å busetje seg på øyane.

- Det er mange som er avhengige av å pendle til fastlandet, og for mange vert kostnaden med bompengar for høg ved å bu på øyane.

Ho er uansett optimistisk, i alle fall for Lepsøya sin del.

- Her er det godt å bu, og folket her har heile tida kjempa for og trudd at vi skulle få ein Nordøyveg. Her har kome fleire nye hus, og det ser slett ikkje så verst ut.

Bilde 2022 07 07 130224005
NORDØYVEGEN: Tre undersjøiske tunnelar og tre bruer er sentrale i den 37 kilometer lange Nordøyvegen. Skisse: Møre og Romsdal fylkeskommune

Fakta om Nordøyvegen

Nordøyvegen er eit 37 kilometer langt vegprosjekt som vil gi fastlandssamband for rundt 2.700 innbyggjarar på Lepsøya, Haramsøya, Skuleøya/Flemsøya, Fjørtofta og Harøya/Finnøya.

Prosjektet omfattar fire fjordkryssingar og delvis opprusting/omlegging av eksisterande veganlegg. Det inneber tre undersjøiske tunnelar, ein miljøtunnel og tre bruer. Den lengste undersjøiske tunnelen er Nogvafjordtunnel, som er 5.730 meter lang.

Bygginga vart starta i mars 2019. Første del av vegsambandet mellom Skjelten-Lepsøya-Austnes vart opna 18. desember 2021, og siste del mellom Flemsøya/Skuløya-Fjørtofta skal opne 27. august 2022.

Prosjektet er kalkulert til vel 5,5 milliardar kroner. 676 millionar kroner skal hentast inn gjennom bompengar.

Prosjektet omfattar:

  • Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
  • Laukebrua, ei 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang bru i Hamnaskjersundet.
  • Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
  • Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
  • Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
  • Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, 170 meter.
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
  • Ny veg over Fjørtofta.

Barriære for utvikling
I ein rapport som er utarbeidd av Concreto på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune går det fram at bompengesatsane kan vere ei barriære for framtidig utvikling.

32 bedrifter er spurde, der 66 prosent er på øyane, resten på fastlandet.

Der går det fram at 20 er samde i påstanden om at vegsambandet vil bidra til positiv lokal busetnad, ni er delvis samde og tre er verken samde eller usamde.

Samstundes svarar 24 at vegsambandet vil vere positivt for lokal sysselsetjing, fire er delvis samde, tre er verken samde eller usamde og ein er delvis usamd.

Det som vert trekt fram er Nordøyvegen gjer det lettare å pendle frå øyane til fastlandet, men trafikantane på betale ein høg bompris.

Kjell Norvoll Nogvar motorfabrikk foto Ogne 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
SATSAR: Kjell Norvoll og Nogva Motorfabrikk er av selskapa som satsar stort på Nordøyane etter at Nordøyvegen kom. Foto: Ogne Øyehaug

Gratis mellom øyane
Concreto skriv at bompengane bidreg til å oppretthalde transportbarriæren og vil truleg redusere effektene frå fastlandssambandet på pendling.

Men Concreto viser samstundes til at det vil vere gratis å køyre mellom øyane, noko som står i kontrakst til tidlegare då ein måtte kjøpe ferjebillett og ta ferje mellom øyane.

Kostnaden, målt i pengar og tid for pendling mellom øyane er redusert, som ifølgje Concreto vil auka konkurransen for arbeidsgivarar og arbeidstakarar.

Treng fleire turismetilbod
Når det gjeld turisme, er 20 samde om at Nordøyvegen vil gi auka turisme og reiseliv i området. Ni er delvis samde, to er verken samde eller usamde og ein er delvis usamd.

Concreto meiner at Haram og Nordøyane har eit stort potensial som reisedestinasjonar, men at det i dag er eit avgrensa tilbod av aktivitetar for turistane.

Concreto viser til at tidlegare var det tilbod som vassportsenter, fiskesenter, dykking og kajakkutleige på øyane, og viser til at slike tilbod, i tillegg til restaurantar, kaféar og campingplassar bidreg til å tiltrekke seg turistar, men også til å genere handel.

I undersøkinga meiner fleirtalet av bedrifter at Nordøyvegen ikkje vil ha store utslag for utgiftene, men det er likevel fem som meiner at vegen vil påvirke utgiftene negativt, mot berre to som svarar at vegen vil bidra positivt.

Concreto viser til at det også her er bompengesatsane som er den sentral faktoren.

Det er mange som er avhengige av å pendle til fastlandet, og for mange vert kostnaden med bompengar for høg ved å bu på øyane
Ann-Kristin Farstad
20220701 143008
FERJESTOPP: Ingen ferje lenger frå Skjeltene etter at Lepsøybrua vart bygt. Foto: Kjetil Haanes

Nogva satsar stort
Fleire selskap har allereie satsa på Nordøyane som følgje av at Nordøyvegen til slutt kom. Blant desse selskapa er Nogva Motorfabrikk som same dag som ferjeavløysingsordninga vart vedtatt i 2015 vedtok å byggje eit 3.000 kvadratmeter stort næringsbygg på Haramsøya.

I mars 2022 investerte selskapet ytterlegare då det overtok Kongsberg Martitime sine bygg på Longva og overtar totalt 40 av 125 tilsette.

Men selskapet opplyser at bompengesatsane demper gleda knytta til fastlandssambandet og er grunnlag for fortviling for dei tilsette og derav også for bedrifta.

Bedrifta opplyser at ein merkar at fortvilelsen medfører kreativitet med tanke på korleis ein skal kunne ta seg til og frå jobb på ein mer økonomisk måte, for eksempel
ved kjøp av mopedbil.

Tilsette vil truleg slutte
Selskapa Rostein og Finnøy Gear og Propeller er derimot ikkje bekymra for bompengane på eit driftsmessig plan. Det vert vist til at kostnadene knytt til ferjeløysingane, inkludert ventetid, ferjetid og logistikkutfordringar har vore større enn kva eit fastlandssamband med bompengar vil vere.

I P Huse ser også større fordelar enn ulemper, men viser til at bompengesatsene er betydeleg høgare enn ferjeprisen både for privatpersonar og for lastebilane.

Selskapet opplyser at dei truleg har tilsette som ikkje vil kunne halde fram fordi kostnadene med bompengar vert for stor.

Publisert: 09.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 09.07.2022 10:46

Mer om