Audun Marak Kare Heggebo arsmote Sor Norges Fiskarlag 2024 foto Ogne Oyehaug
UVISSE: Administrerande direktør Audun Maråk (t.v.) i Fiskebåt og styreleiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag er framleis del av same organisasjon, men det kan ta slutt når Fiskebåt har sitt landsmøtet 11. februar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nord Fiskarlag vurderer ekstraordinært årsmøte

Diskuterer framlegg som kan redde Norges Fiskarlag.

17.01.2025

Denne veka har landsstyret i Norges Fiskarlag gjort eit vedtak med mål om å halde organisasjonen samla, og unngå at Fiskebåt vedtek å melde seg ut på sitt årsmøte 11. februar i år. 

Les vedtaket her

Eitt av punkta er at representasjonen i Norges Fiskarlag sin styrande organ skal vere likt fordelt mellom dei tre medlemslaga, Fiskebåt, Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlag. I dag har Nord Fiskarlag fleire representantar enn dei to andre.

Eit anna er at Norges Fiskarlag vil ha stabilitet i korleis fiskekvotane er fordel mellom ulike fartøygrupper. Skal Norges Fiskarlag endre syn i det spørsmålet må det kvalifisert fleirtal til.

Begge punkta samsvarar med Fiskebåt sine krav for å blir verande i Norges Fiskarlag.

Sa nei til Fiskebåtkrav
Problemet, sett frå Fiskebåt si side, er at årsmøtet i Nord Fiskarlag i oktober 2024 avviste Fiskebåt sine krav for å bli verande i Norges Fiskarlag.

Styret i Nord Fiskarlag møttes klokka 12 i dag, og eit eventuelt ekstraordinært årsmøte står på saklista stadfesta styreleiar Robert Hansen til Nett No før møtet starta.

Avviste krav
Fiskebåt er organisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten og er i sin tur delt i tre regionlag. Alle tre regionlaga har støtta at Fiskebåt skal vedta å melde seg ut av Norges Fiskarlag, dersom ikkje krav om lik representasjon og ei stabil kvotefordeling blir vedtatt.

Nett No har spurt styreleiar Chistian Halstensen i Fiskebåt kva landsstyrevedtaket i Norges Fiskarlag har å bety for Fiskebåt sitt syn på utmelding, men han har ikkje svart.

Dersom Fiskebåt skulle kreve at Nord Fiskarlag kallar inn til nytt årsmøte for å gjere om på vedtaket sitt i fjor, før Fiskebåt eventuelt vel å ikkje melde seg ut har partane berre litt over tre veker på seg før årsmøtet i Fiskebåt. 

Publisert: 17.01.2025 14:29

Sist oppdatert: 17.01.2025 14:30