Volda sjukehus foto Helse Møre og Romsdal
FEKK MEDHALD: Helse Midt-Norge kan gi oppdraget med å køyre pasientar på søre Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal til det nyskipa selskapet Persontransport 1, har Frostating Lagmannsrett bestemt.
Nytt

Nordvest Taxi tapte i andre runde

Millionoppdrag kan gå til konkurrent.

25.03.2022

Kampen om pasientkøyringa på Nordmøre, i Romsdal og på søre Sunnmøre har tatt ei ny vending.

Det handlar om køyreoppdrag for 302 millionar kroner. Ein kjennelse i Frostating Tingrett forbaud først at Helse Midt-Norge kunne signere kontrakt med vinnaren av anbodskonkurransen, det nyskipa selskapet Persontransport 1.

Bak Persontransport 1, står blant andre Arild Røder og Bjørn Helge Raknes. Raknes er dagleg leiar og eigar av Turbilane as i Sula kommune, Røder er dagleg leiar og eigar av Ålesund Turvogn Service.

Tid til å klage
Før ein eventuell kontraktsignering skulle KOFA, Klageutvalet for offentlege anskaffelsar) behandle klagen på tildelinga frå konkurrenten Nordvesttaxi, meinte tingretten.

Nordvest Taxi meiner Persontransport 1 ikkje oppfylte vilkåra for å vere med i anbodskonkurransen.

Helse Midt-Norge anka kjennelsen og no har Frostating Lagmannsrett konkludert motsett avtingretten. Det ikkje er grunnlag for noko mellombels forbod mot at Helse Midt-Norge kan inngå avtale med Persontransport 1.

KOFA kan framleis behandle ein klage frå Nordvest Taxi, men det stoppar ikkje avtalen mellom Helse Midt-Norge og Persontransport 1.

Publisert: 25.03.2022 16:46

Sist oppdatert: 25.03.2022 19:02