Erna solberg asle strønen faksimile fredrik remøy foto kjetil 11
VERFTSSTØTTE: Heile verftsnæringa vil ha betre finansieringsordningar. Her er statsminister Erna Solberg i samtale på Nor-Shipping med f.v. Asle Strønen, Norske skipsverft, Inge-Jonny Hide, Myklebust Verft, Kenneth Sekkingstad, Båtbygg og Olav Linge Fiskestrand frå Fiskerstrand Verft. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

- Norge kan ikkje lenger sove i timen

Direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft meiner utspelet frå Fredrik Remøy er ein gåvepakke til Næringsdepartementet.

11.05.2021

- Dette er akkurat den gåvepakken, eller knaggen om ein vil, som Næringsdepartementet etterlyser for å forbetre det norske skipsfinanseringstilbodet, seier Strønen.

Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy gjekk nyleg ut i NETT NO og etterlyste at GIEK kom mykje meir aktivt på bana overfor norske verft.

Stort tap
Bakgrunnen er at Rem Offshore skal byggje eit spesialskip til fornybarfeltet til rundt 500 millionar kroner, og vil helst at skipet skal byggjast i Norge. Men han seier at det er vanskeleg å konkurrere med utanlandske verft når dei norske prisane ligg 50 til 100 millionar kroner høgare.

Han viser til at i land som Spania er det svært gode finaniseringsordningar.

- Om vi skal ha skipsbyggingsaktivitet i Norge, må vi kunne konkurrere på like vilkår med andre land. Slik er ikkje situasjonen i dag, og etter mitt syn bør GIEK kome mykje meir aktivt på bana overfor norske verft, sa Remøy.

Ventar på tiltak
Strønen er samd med Remøy.

- At også finansiering er et konkurranseelement i skipsbygging, må norske myndigheiter no ta inn over seg.

Næringa er utolmodig etter å sjå konkrete resultat etter at regjeringspartia i budsjettavtalen for 2021 foreslår å utvide byggjelånsgarantiordninga til å inkludere forskotsgarantiar. Ei forskotsgarantiordning er ei sikkerheit for refusjon av beløpet som kjøpar har betalt for levering av skipet.

I Stortingsmeldinga «Grønnere og smartere» om framtidas maritime næring står det at forskotsgarantiar kan bidra til at fleire lønsame prosjekt vert gjennomførde, samt bidra til å styrke verfta sin likviditet og avlaste bankane.

Asle Strønen seier at Næringsdepartementets oppgåve er å harmonisere det norske garanti- og finansieringstilbodet til dei ordningar som norske reiarlag møter i EU.

- Dette må gjerast no. Norge kan ikkje lenger sove i timen og slik eksportere nasjonal verdiskaping.

Norge kan ikkje lenger sove i timen og slik eksportere nasjonal verdiskaping
Asle Strønen

- Det hastar
Dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft er av dei som har engasjert seg for å forbetre finansieringsordningane for verfta. Han er utolmodig etter å sjå konkrete resultat etter ein debatt som har pågått i lang tid.

- Vi oppfattar at det vert jobba med tematikken i nærings- og fiskeridepartementet, men vi er spente på kva som kjem ut av det.

- Det hastar, om ikkje endå fleire oppdrag skal hamne i utlandet.

Har mist kontraktar
Hide viser til at verfta forpliktar store delar av kapitalen sin ved nybyggingskontrakter.

- Av ein kontrakt på 500 millionar kroner, er kapitalbehovet frå verksemda til dette prosjektet åleine fort opp mot 100 millionar kroner før levering.

- For eit verft som oss, som gjerne vil ha to-tre nybygg i året, er det vanskeleg å reise denne kapitalen.

Han opplyser at verftet har mist kontraktar som følgje av at ein ikkje har kunna gitt garanti på forskotet som kunden betalar inn.

- Dette fører til at vi slit med å utnytte den fysiske kapasiteten ved verftet på grunn av likviditetsmessige utfordringar.

Færre bankar bidreg
Han viser til at tidlegare bidrog forretningsbankane sterkt inn mot verftsnæringa.

- No ser vi at fleire forretningsbankar trekker seg ut av verftsnæringa, og dette gjer at tilboda for verfta vert færre.

Hide ønskjer seg eit langt meir aktivt GIEK.

- Så lenge vi har desse systema, må dei brukast mest muleg effektivt. Her bør GIEK inn og fylle tomromet som oppstår i finansieringa. Det bør ikkje vere vanskeleg å få på plass, ikkje minst med eit uomtvisteleg Stortingsvedtak som nettopp går på verkemiddel retta inn mot verftet sin eigen likviditet.

Det hastar, om ikkje endå fleire oppdrag skal hamne i utlandet
Inge-Jonny Hide

Publisert: 11.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 14.05.2021 10:04