Fredrik remøy rem offshore foto marius 11
SATSAR: Fredrik Remøy og Rem Offshore skal vekse. Her er Remøy ved Green Yard Kleven der Rem Offshore har vindskipet Rem Energy under bygging. Planen er å byggje endå eit vindskip, aller helst i Norge. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Taper 50-100 millionar på å byggje ved norsk verft

Rem Offshore skal byggje eit spesialskip for offshore vind, og vil helst byggje skipet i Norge. Det kan koste selskapet dyrt.

04.05.2021

- Ja, med dei prisane vi hittil har sett, er det snakk om at norske byggjeverft ligg 50 til 100 millionar kroner over utanlandske verft.

Det seier adm. dir. Fredrik Remøy i Herøy-selskapet.

Han viser til at i land som Spania er det svært gode statlege finansieringsordningar, som blant anna gjer at reiaren må stille med langt mindre eigenkapital enn kva tilfellet er i Norge.

- Om vi skal ha skipsbyggingsaktivitet i Norge, må vi kunne konkurrere på like vilkår med andre land. Slik er ikkje situasjonen i dag, og etter mitt syn bør GIEK kome mykje meir aktivt på bana overfor norske verft.

Fleire verft reknar på oppdraget
Remøy seier at han håper at det til slutt skal vere muleg å få til løysingar slik at det rundt 90 meter lange fornybarskipet vert bygt i Norge, eit skip som får ein prislapp på over ein halv milliard kroner.

- Det er målet å byggje i Norge, men då må det også vere økonomisk forsvarleg.

Han seier at beslutninga vert tatt over sommaren.

- Vi er i dialog med fleire norske og utanlandske verft.

(saka held fram etter bildet)

Fredrik Remøy pølser
FOSNAVÅG: Fredrik Remøy og Rem Offshore har flytta tilbake til dei gamle Rem-lokala i Fosnavåg sentrum, her frå nyopninga. Selskapet har no elleve skip, og har store planar om å vekse vidare. Foto: Kjetil Haanes

Solid GIEK-garanti
Selskapet har eit spesialskip for fornybarfeltet under bygging ved Green Yard Kleven, eit skip som vart bestilt av ein islandsk reiar i 2013, vart delvis ferdigbygt ved Havyard Leirvik før det vart overtatt av Kleven.

- Det skipet skal vere ferdig til 15. november, seier Remøy.

Vindskipet skal inn på langtidskontrakt for Siemens Gamesa Renewable Energy , og skal i minst em år i arbeid på tyske vindparkar.

For dette skipet har GIEK garantert for 191 millionar kroner, i tillegg til at Sparebanken 1 SMN har bidratt.

- Her har GIEK og bankane vore avgjerande for å få til ei løysing, seier Remøy.

Ser på fleire skip
Med Rem Energy på plass, har Herøy-selskapet tolv skip, men har ikkje tenkt å stoppe der.

- Vi skal vekse, og ser på fleire skip som reiarar eller bankar ønskjer å selje, seier Remøy.

- Vi ser spesielt på PSV-ar og spesialskip til fornybarfeltet.

Samtlege elleve av dagens operative skip er på faste kontraktar.

- Vi har valt denne modellen for å spare store hamneavgifter og opplagskostnader, i tillegg til at det gir sikkerheit til mannskapet.

- I motsetning til mange andre offshoreselskap, så tener vi pengar, seier Remøy.

Om vi skal ha skipsbyggingsaktivitet i Norge, må vi kunne konkurrere på like vilkår med andre land
Fredrik Remøy

Ny kontrakt
Nyleg fekk selskapet ny toårskontrakt for PSV-en Rem Supplier, med opsjonar på 2x1 år.

Kontrakten var med Repsol UK, og dreier seg om forsyningstenester.

- Vi har hatt eit langvarig samarbeid med Repsol, og vi er takknemlege for at dette samarbeidet vil halde fram.

Remøy seier at avtalen sikrar høgare inntekter i første avtaleår.

- Ja, totalt sett er det ein god avtale for oss.

Betre utsikter
Han merkar at det er større aktivitet, noko som kan bety betre rater etter kvart.

- Ettersom vi satsar på lange avtalar, er vi ikkje så avhengige av marknaden frå dag til dag, men det er teikn som tyder på at marknaden er i ferd med å lysne litt.

Publisert: 04.05.2021 05:50

Sist oppdatert: 04.05.2021 07:03

Mer om