Norled fekk rutene paa ytre soere
KONTRAKT: Norled fekk dei tre rutene på ytre søre Sunnmøre i konkurranse med tre andre selskap.
Nytt

Norled fekk rutene på ytre søre

Vert miljøferje Årvik - Koparnes og nye kaier og etter kvart større ferje i ruta Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya.

29.11.2019
Norled har fått tildelt kontrakt for ferjesambanda Volda-Lauvstad, Årvik-Koparnes og Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya.
Kontrakten for ytre Sunnmøre vil gjelde frå 1. januar 2021 og fram til 31. desember 2031.
Det var fire reiarlag som leverte tilbod i konkurransen, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding fredag.

Nye kaianlegg

Der vert det opplyst at kaianlegga knytt til Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya vil bli ombygd slik at dei frå 2025 kan ta i mot ei større og moderne ferje.
Det er nødvendig å ruste opp kaianlegga knytt til Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Kaianlegga er i dag små og har svært avgrensa levetid, opplyser fylkeskommunen.
Kaianlegga vil byggast slik at dei kan trafikkerast av moderne ferjer. Når kaianlegga er ferdig skal det settast inn ei nyare og større ferje på sambandet.

Miljøferje

Sambandet Årvika-Koparnes får miljøferje frå 2022. Dette gir ein kraftig reduksjon i utslepp, og er eit viktig tiltak i det grøne skiftet.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært pressa økonomi i åra framover, og skal redusere driftsnivået i fylkeskommunen.
– Det er difor veldig gledeleg at det har vore stor konkurranse om denne kontrakta, seier Jesper Wiik i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, i pressemeldinga.

Publisert: 29.11.2019 13:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46