Norled kontrakt til 1 5 milliardar
UTKONKURRERT: Fjord1, som driv sambandet Solavågen-Festøya (biletet) i dag, tapte konkurransen mot Norled.
Nytt

Norled-kontrakt til 1,5 milliardar

Norled skal trafikkere to samband på Sunnmøre. Skal ha nybygg.

30.11.2020
Kontrakten på å trafikkere Festøy-Solavågen og Volda-Folkestad er på 1,56 milliardar kroner, . Det er nesten ein halv milliard kroner billegare enn Fjord1, som hadde det nest billegaste tilbodet.
Torghatten, som hadde det dyraste tilbodet , ville ha 2,3 milliardar kroner for å drive sambandet.
Norled vann oppdraget i konkurranse med Fjord1, Boreal Sjø og Torghatten.
Kontrakten er for åra 2020-2029.
Statens Vegvesen vekta pris 70 prosent og miljøkrav 30 prosent då tilboda frå ferjereiarlaga blei vurdert. Ferjereiarlaga som tapte konkurransen har frist til 24. april med å klage.

Må ha nybygg

Sikkerhetsdirektør Arvid Økland i Norled seier tildelinga av kontrakten betyr at Norled må byggje nytt. Kor mange nybygg det blir snakk om er førebels ikkje avklart.
Dei to sambanda skal trafikkerast av til saman fire ferjer. To elektriske og ei hybridferje skal gå mellom Festøya og Solavågen, med avgang kvart 20 minutt. Volda-Folkestad skal trafikkerast av ei elektrisk ferje, med avgang kvart 40. minutt.
I dag er det Norled som trafikkerer Volda-Folkestad og Fjord1 som trafikkerer Festøya-Solavågen.

Publisert: 30.11.2020 11:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20