Nytt
Normark inn i jordbærbransjen
Faren for at jordbæra rotnar i åkrane på grunn av mangel på utanlandske plukkarar gav eks-fotballtrenaren ein ide.
09.05.2020
Når tilgangen på utanlandsk arbeidskraft står i fare, kvifor ikkje vende seg mot den norske arbeidsmarknaden?
I slutten av denne veka hadde over 100 personar svart på annonsen om ledig sommerjobb som bærplukkar i Valldal.
- Det er veldig mange interesserte, frå fjern og nær, seier Ivar Morten Normark.
Den tidlegare Aafk-trenaren er regionansvarleg i rekrutteringsselskapet Personalhuset i Ålesund. Han er også ven av dagleg leier Harald Valle i Valldal Grønt, som tek mot og pakkar jordbær, bringebær og plommer frå bøndene i Valldal.
Valle likte ideen, annonsa blei lagt ut på Finn.no og Personalhuset har jobben med å sortere søknadane for bøndene - som vel kven som får tilbod.
At restriksjonane i Noreg er letta på er ikkje nok til å ta vekk uvissa. Det er mellom anna eit usikkert kor mange som vil eller kan reise til Valldal på grunn av situasjonen i heimlandet, korleis plukkarane vurdere å bli pålagt karantene og i kor stor grad det er råd å innkvartere alle når smittevernreglar krev større avstand og skjerpa krav til reinhald.
I ein slik situasjon kan norsk arbeidskraft vere ein faktor som får kabalen til å gå opp, spesielt om det er plukkarar som bur i Valldal eller kan dagpendle dit.
I 2019 tok han mot nesten 400 tonn jordbær og 30 tonn bringebær, pluss ein del plommer. Driftsinntektene i 2018 var 24 millionar kroner.
Neste veke kjem ei rettleiing om korleis arbeidet skal organiserast hos bøndene, for å redusere smittefaren.
Ei arbeidsgruppe leia av Mattilsynet har laga eit utkast, som no er til vurdering hos Folkehelseinstituttet før retteleinga blir sendt ut, men NETT NO kjenner dei viktigaste reglane i framlegget. Her er dei:
Sesongarbeidarar skal organiserast i arbeidslag på inntil fem personar og halde avstand til andre. Poenget med ei slik organisering er å hindre at eventuell smitte rask sprer seg i til mange.
Må fleire arbeidslag dele til dømes kjøken skal der berre vere eitt arbeidslag om gangen, og kjøkenet må reingjerast grundig før neste gruppe skal bruke det, for å hindre smitte mellom arbeidslaga.
Utlendingar skal vere i karantene i 14 dagar, men kan likevel jobbe i karanteperioden - så sant bæra eller andre jordbruksprodukt ikkje blir seld til forbrukar før det har gått tre dagar. Konsekvensen av det framlegget er at kostnaden med å ta inn utlendingae blir vesentleg redusert, fordi bøndene slepp å betale folk for å sitte i karantene utan å arbeide. (Bær plukka av folk som er friske og ikkje i karantene kan seljast til forbrukar rett etter plukking).
Bøndene som arbeidsgiver har ansvaret for at reglane blir etterlevd, og har ansvaret for opplæring. Dei skal og ha ei skriftleg risikovurdering og plan for smitteverntiltaka hos seg.
Også der bur bøndene seg på å produserer for fullt i år, og rekrutterer 200-250 sesongarbeidarar, seier Roset.
Innvik Frukt har 69 leverandører, frå Stryn og Gloppen, som i fjor leverte 400 tonn bringebær, 240 tonn plommer og 280 tonn eple - som gav omlag 30 millionar kroner i driftsinntekter.
Fleire vil dyrke sine eigne poteter. For å gjere det må dei ha poteter å sette, men no er etterspørselen så stor at settepoteter er blitt mangelvare.
Felleskjøpet, ein av leverandørane til hobbypotetdyrkarane, har auka salet av settepoteter med 80 prosent samanlikna med i fjor og er utseld i mange av butikkane.
I slutten av denne veka hadde over 100 personar svart på annonsen om ledig sommerjobb som bærplukkar i Valldal.
- Det er veldig mange interesserte, frå fjern og nær, seier Ivar Morten Normark.
Den tidlegare Aafk-trenaren er regionansvarleg i rekrutteringsselskapet Personalhuset i Ålesund. Han er også ven av dagleg leier Harald Valle i Valldal Grønt, som tek mot og pakkar jordbær, bringebær og plommer frå bøndene i Valldal.
Valle likte ideen, annonsa blei lagt ut på Finn.no og Personalhuset har jobben med å sortere søknadane for bøndene - som vel kven som får tilbod.
Uvisst
I ein normal sesong er det 350-360 sesongarbeidarar hos bøndene i Valldal, anslår Harald Valle i Valldal Grønt. 80-90 prosent av sesongarbeidarane kjem frå Polen, men no trur Valle det vil vere uvisse heilt fram til plukkesesongen startar før det blir klart kor mange som kjem.At restriksjonane i Noreg er letta på er ikkje nok til å ta vekk uvissa. Det er mellom anna eit usikkert kor mange som vil eller kan reise til Valldal på grunn av situasjonen i heimlandet, korleis plukkarane vurdere å bli pålagt karantene og i kor stor grad det er råd å innkvartere alle når smittevernreglar krev større avstand og skjerpa krav til reinhald.
I ein slik situasjon kan norsk arbeidskraft vere ein faktor som får kabalen til å gå opp, spesielt om det er plukkarar som bur i Valldal eller kan dagpendle dit.
Satsar på full produksjon
Plukkarar trengst, for jordbærbøndene i Valldal planlegg for full produksjon trass koronaepidemien og smitteverntiltaka, i følgje Valle i Valldal Grønt.I 2019 tok han mot nesten 400 tonn jordbær og 30 tonn bringebær, pluss ein del plommer. Driftsinntektene i 2018 var 24 millionar kroner.
Neste veke kjem ei rettleiing om korleis arbeidet skal organiserast hos bøndene, for å redusere smittefaren.
Ei arbeidsgruppe leia av Mattilsynet har laga eit utkast, som no er til vurdering hos Folkehelseinstituttet før retteleinga blir sendt ut, men NETT NO kjenner dei viktigaste reglane i framlegget. Her er dei:
Sesongarbeidarar skal organiserast i arbeidslag på inntil fem personar og halde avstand til andre. Poenget med ei slik organisering er å hindre at eventuell smitte rask sprer seg i til mange.
Må fleire arbeidslag dele til dømes kjøken skal der berre vere eitt arbeidslag om gangen, og kjøkenet må reingjerast grundig før neste gruppe skal bruke det, for å hindre smitte mellom arbeidslaga.
Utlendingar skal vere i karantene i 14 dagar, men kan likevel jobbe i karanteperioden - så sant bæra eller andre jordbruksprodukt ikkje blir seld til forbrukar før det har gått tre dagar. Konsekvensen av det framlegget er at kostnaden med å ta inn utlendingae blir vesentleg redusert, fordi bøndene slepp å betale folk for å sitte i karantene utan å arbeide. (Bær plukka av folk som er friske og ikkje i karantene kan seljast til forbrukar rett etter plukking).
Bøndene som arbeidsgiver har ansvaret for at reglane blir etterlevd, og har ansvaret for opplæring. Dei skal og ha ei skriftleg risikovurdering og plan for smitteverntiltaka hos seg.
Fryktar ikkje mangel på folk
Anita Roset, som er sjef for Innvik Frukt i Stryn, seier ho ikkje har fått signal frå nokon av bær- og fruktbøndene i sitt område om at dei fryktar mangel på sesongarbeidarar.Også der bur bøndene seg på å produserer for fullt i år, og rekrutterer 200-250 sesongarbeidarar, seier Roset.
Innvik Frukt har 69 leverandører, frå Stryn og Gloppen, som i fjor leverte 400 tonn bringebær, 240 tonn plommer og 280 tonn eple - som gav omlag 30 millionar kroner i driftsinntekter.
Potetfeber
Medan bær-, frukt- og grønsaksbøndene bekymrar seg over tilgangen på sesongarbeidarar har settepotetleverandørane fått eit luksusproblem.Fleire vil dyrke sine eigne poteter. For å gjere det må dei ha poteter å sette, men no er etterspørselen så stor at settepoteter er blitt mangelvare.
Felleskjøpet, ein av leverandørane til hobbypotetdyrkarane, har auka salet av settepoteter med 80 prosent samanlikna med i fjor og er utseld i mange av butikkane.
Publisert: 09.05.2020 06:00
Sist oppdatert: 21.03.2021 14:26