Norsk sjømat stranda laks
STRANDA: Lakseeksporten når stadig nye høgder, her frå Norsk Sjømat på Stranda. Foto: Kjetil Haaness
Nytt

Norsk sjømat sel som aldri før

Salet av norsk sjømat går så det kvin. Det første halvåret i år eksporterte vi for over 70 milliardar kroner.

05.07.2022

Det er 16,4 milliardar kroner betre enn same periode i fjor – ein verdivekst på 31 prosent, viser ein oversikt frå Noregs sjømatråd.

Direktøren i Sjømatrådet bruker ordet «historisk». Bakteppet for den eventyrlege veksten er at matvareprisane aukar, at etterspurnaden stig, samtidig som råvaretilførselen var lågare.

På eit halvt år har Noreg passert eksportverdien for heile 2015.

Sterkaste enkeltmånad
Juni var den sterkaste junimånaden nokosinne – og det er også den beste enkeltmånaden nokosinne målt i verdi. Berre i juni vart det eksportert for 12,3 milliardar kroner. Den førre rekorden vart sett i desember i fjor.

Imponerande tal, synest fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap). Han er strålande fornøgd.

– Dette viser kor viktig sektoren er for verdiskaping, trygge arbeidsplassar og aktivitet langs kysten, seier Skjæran, som lovar at regjeringa i samarbeid med næringa skal jobbe for endå meir vekst.

Norsk sjømat er ei høgt etterspurd merkevare, også i urolege tider, påpeikar fiskeriministeren. Men vi må vere førebudde på skiftande prisar framover. Aktivt og langsiktig marknadsarbeid blir viktig.

Rekordprisar på laksen
Som alltid er det laksen som sel best. Men også aure, torsk, sei og hyse har hatt eit rekordsterkt halvår. For makrell og sild har det ikkje gått like godt – eksportverdien sokk med høvesvis 10 og 4 prosent samanlikna med vårhalvåret i fjor. Kongekrabbe hadde også ein nedgang på 8 prosent.

Administrerande direktør Børge Grønbech i Sjømat Norge forklarer at det vart produsert litt mindre laks – volumet sokk 5 prosent samanlikna med same periode i fjor, samtidig som etterspurnaden auka. Dermed vart prisane rekordhøge. Gjennomsnittsprisen for ein heil laks auka frå 58,29 til 87,37 kroner kiloen.

På eit halvår eksporterte vi 534.500 tonn laks. Polen, Frankrike og USA kjøpte mest.

Det er ikkje første gong vi har sett rekordprisar og rekordverdi i kjølvatnet av at etterspurnaden veks og produksjonen av atlantisk laks blir redusert globalt. Det er fjerde gong sidan 2010 at prisane løftar seg, så det er eit mønster vi ser med jamne mellomrom, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Sjømatrådet.

Éi årsak til auka etterspurnad er at restaurantar sel meir sjømat.

Dette viser kor viktig sektoren er for verdiskaping, trygge arbeidsplassar og aktivitet langs kysten
Bjørnar Skjæran

Krigen påverkar sjømatsalet
Krigen i Ukraina har ført til endringar. Eksporten til Ukraina og Belarus er redusert. Og det stengde russiske luftrommet har ramma frakt til land som Sør-Korea og Japan. Samtidig har vi selt meir laks til Frankrike og Italia.

Sjølv om salet går så det suser, peikar Grønbech på at det kan liggje nokre utfordringar framover.

* Høg matvareinflasjon

* Svekt kjøpekraft

* Utfordrande logistikk

* Auka kostnader for sjømataktørar

* Lågare tilførsel av artar som laks, torsk, makrell og sild

– Sjølv om norsk sjømat har ein svært sterk global posisjon og eksporten stadig set nye rekordar, er det lett å gløyme at også norsk sjømatnæring blir ramma av høg inflasjon og ein galopperande kostnadsvekst, seier Grønbech.

Publisert: 05.07.2022 07:46

Sist oppdatert: 05.07.2022 07:52