Jens berge norwegian hydrogen foto marius 11
HYDROGEN-PROSJEKT: I desember skal Enova lyse ut ein konkurranse om å etablere knutepunkt for produksjon og fylling av hydrogen til skip. Der vil administrerande direktør Jens Berge i Norwegian Hydrogen vere med. Foto: Marius Rosbach.
Nytt

Norwegian Hydrogen gjennom første nålauge

Norwegian Hydrogen med i konkurranse om 150 millionar kroner i støtte.

27.09.2021

Norwegian Hydrogen og samarbeidspartnarar er eitt av 15 selskap som får ein million kroner kvar i offentleg støtte frå Enova, for å finansiere utvikling av produksjonsanlegg og fyllestasjonar for hydrogen til skipsfarten.

Pengane skal finansiere eit såkalla forprosjekt, ein mindre studie av kva som er råd å få til.

Men konkurransen om dei verkleg store støttemidlane er ikkje langt unna.

I desember i år vil Enova lyse ut ein ny og open konkurranse der to til fire prosjekt får inntil 150 millionar kroner kvar i investeringsstøtte for å bygge anlegga som skal til. Det skriv Enova i ei pressemelding.

Fornybar kraft
Bakgrunnen for Enova si satsing på hydrogen er at regjeringa vil halvere utsleppa av CO2 frå skipsfarten innan 2030. Då må bruken av diesel ned, og hydrogen produsert av vass- eller vindkraft er eit alternativ.

Målet i første omgang er å etablere fem såkalla hydrogenknutepunkt for produksjon og fylling av hydrogen, og det er det millionane frå Enova skal vere med på å betale.

Enova er eit statleg organ som finansierer utvikling av energiøkonomisering og utsleppsreduksjonar.

Flakk-selskap
Norwegian Hydrogen er ein del av familieeigde Flakk Gruppen i Ålesund, som også er stor aksjonær i børsnoterte Hexagon Purus og Hexagon Composites.

Begge selskapa lagar drivstofftankar og -system, Purus for hydrogen, Composites for naturgass.

Samarbeid
Norwegian Hydrogen-prosjektet som får ein million kroner i støtte er eit samarbeide mellom fleire partar.

I tillegg til Norwegian Hydrogen er BKK, Tafjord Kraftproduksjon og Rauma Energi med i samarbeidet.

I forprosjektet skal dei kartlegg og vurdere marknad og lokalisering av infrastruktur for hydrogen i Møre og Romsdal og Vestland fylke, skriv Norwegian Hydrogen i ei pressemelding.

Publisert: 27.09.2021 10:22

Sist oppdatert: 27.09.2021 10:57