Vurderer hydrogenproduksjon på Dyrkorn
Tilgangen på elektrisk kraft held til å produsere omlag eitt til to tonn hydrogen om dagen på Hellesylt. Norwegian Hydrogen reknar med å trenge meir.
På Dyrkorn, mellom Stordal og Sjøholt, har Tafjord Kraft eit kraftverk og eitt av Flakk-familiens selskap eig eit industriområde der. Begge er partnarar i Hellesylt Hydrogen Hub og medeigarar i Norwegian Hydrogen.
Dermed kan det ligge til rette for at eit produksjonsanlegg for hydrogen også på Dyrkorn. Førebels er dette eit alternativ av fleire som er til vurdering.
Norwegian Hydrogen planlegg no for å kunne levere hydrogen alt neste år
Planlegg for levering neste år
Ei avgjerd om å starte samtykkeprosessen og seinare utbygging kan bli tatt alt i tredje kvartal i år eller før.
Det fortel prosjektleiar for Hellesylt Hydrogen Hub og dagleg leiar for Norwegian Hydrogen, Jan Arild Roppen.
- Til sjuande og sist vil det kome an på våre potensielle kundar, men Norwegian Hydrogen planlegg no for å kunne levere hydrogen alt neste år, seier Roppen.
Onsdag presenterte han planane og vurderingane til Hellesylt Hydrogen Hub og Norwegian Hyrdogen på eit webinar i regi av GCE og NTNU i Ålesund.
Satsar på ferje
Hellesylt Hydrogen Hub/Norwegian Hydrogen ønskjer mellom anna å få levert hydrogen som drivstoff til ferja som trafikkerer sambandet Hellesylt-Geiranger og nytte erfaringane derifrå for å vidareutvikle og ta i bruk hydrogen som drivstoff både til lands og til sjøs.
Så stend det att å sjå om nettet vert forsterka når behovet for rein energi aukar i fjorden
Hydrogen kan lagast ved elektrolyse der ein spaltar vatnet (H2O) til hydrogen og oksygen. Produksjon- og tilførselskapasiteten av energi på Hellesylt er akkurat stor nok til at den sikrar nok hydrogen til ferjene, og evt skyss/sightseingsbåtar i høgsesongen.
- Så stend det att å sjå om nettet vert forsterka når behovet for rein energi aukar i fjorden, seier Roppen.
Andre kundebehov er grunnen til at selskapet også ser seg om etter andre produksjonsstadar for hydrogen, mellom anna Dyrkorn.
Som drivstoff blir spaltingsprosessen reversert og gir reint vatn som utslepp, og dersom hydrogenet er produsert med vasskraft eller vindkraft, som det vil gjere i desse tilfella er hydrogen eit drivstoff som ikkje gir CO2-utslepp, også kalla grøn hydrogen.
Fleire eigarar
Norwegian Hydrogen spring ut frå Pilot-E prosjektet Hellesylt Hydrogen Hub, med Knut Flakk og Flakk Gruppen i spissen for satsinga på å utvikle ei verdikjede for hydrogen på Nordvestlandet, saman med det børsnoterte selskapet Hexagon Purus AS, Hofseth International AS og Tafjord som dei største industrielle eigarane.
I fjor henta Norwegian Hydrogen inn til saman 14,3 millionar kroner i eigenkapital og ytterlegare investorar kan kome inn som medeigarar etter kvart som kapitalbehovet melder seg, seier Roppen.
Publisert: 19.05.2021 16:19
Sist oppdatert: 19.05.2021 16:53