Jaktar leiargruppe til hydrogenselskap
Norwegian Hydrogen har store ambisjonar og Flakk trur børsnotering kan vere aktuelt på sikt.
Det er no drygt eitt år sidan Flakk Gruppen etablerte Norwegian Hydrogen. I desse dagar er dei på jakt etter personar som skal utgjere leiargruppa i eit selskap med betydelege ambisjonar.
I tillegg til administrerande direktør, søker dei finansdirektør, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, marknadsdirektør og teknisk direktør til «kjerneteamet».
Hydrogenselskapet har som mål å vere ein «sentral bidragsytar til det grøne skiftet gjennom å utvikle, bygge og drifte hydrogen-infrastruktur i Norge», heiter det i utlysinga.
– Tydeleg blitt lagt merke til
Kandidatar blir oppmoda om å søke snarast – og seinast innan 10. mai.
– Vi har fått god respons, så den er tydeleg blitt lagt merke til. Vi har ikkje starta å gå gjennom kandidatar enno, men mange har teke kontakt og det er etablert dialogar. Det verkar som vi får mange gode kandidatar, og vi håpar at vi finn dei rette, fortel Knut Flakk til NETT NO.
Flakk Gruppen, som igjen er eigd av Flakk-familien, står bak selskapet som i dag blir leia av ulsteinvikaren Jan Arild Roppen.
– Først har vi ein jobb å gjere
Det er for tida stor blest og stort sett betydelege oppturar for det meste av hydrogenselskap på børsane. Flakk meiner børsnotering også kan vere eit naturleg steg for selskapet etter kvart.
– Vi har store ambisjonar for selskapet. Det er også difor vi gjer eit slikt grep med å tilsette leiargruppa. På sikt trur eg absolutt det kan vere aktuelt med børsnotering. Men først har vi ein jobb å gjere, og det er mange ting som skal på plass, legg han til.
Når leiargruppa er på plass, vil selskapet flytte inn i etasjen under Hexagon Composites i Korsegata i Ålesund. Hovudkontoret skal vere her i byen, men det er opning for at enkelte stillingar blir lokalisert andre stader i landet.
Jobbar med prosjekt på land og på sjøen
Norwegian Hydrogen har fått offentleg støtte til arbeidet om å etablere hydrogenproduksjon i Hellesylt, med mål om mellom anna å levere hydrogen til nullutsleppsferjer på Geirangerfjorden.
Men dei har «mange prosjekt i pipeline-en», forsikrar Flakk. I utlysinga til leiargruppa blir det understreka av selskapet i tillegg til produksjon, vil jobbe for distribusjon og eit landsdekkande stasjonsnettverk for tungtransport og maritim næring.
At Roger Hofseth står langt framme i køa til å bli det første hydrogenprosjektet som blir realisert – er kjent frå før.
– Vi har fleire aktuelle prosjekt både innan maritim og landbasert transport, men vi kan ikkje opplyse om konkrete namn førebels, seier Flakk.
Publisert: 27.04.2021 16:16
Sist oppdatert: 28.06.2021 08:10