Jens berge norwegian hydrogen foto marius 11
ÅLESUND: Administrerande direktør Jens Berge presenterte seg torsdag for dei politiske partia sine toppkandidatar under eit valkamparrangement ved Color Line Stadion. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bygger hydrogenselskap frå Ålesund

Flakk-eigd selskap startar med Hellesylt, men har store nasjonale ambisjonar og snusar på prosjekt utomlands.

Marius Rosbach
26.08.2021

I løpet av det siste året har Norwegian Hydrogen auka ambisjonane og selskapet tek mål av seg å bli ein nasjonal aktør innan hydrogen.

– Vi skal vere eit sentralt bidrag i det grøne skifte på nasjonalt plan, og vi skal også undersøke enkelte moglegheiter som finst i utlandet. Vi er faktisk allereie i dialog med eit par nordiske interessentar, fortel administrerande direktør Jens Berge til NETT NO.

Vurderer fleire knutepunkt
Regjeringa vil utarbeide knutepunkt rundt i landet for det som er venta å bli en viktig energiberar i framtida. Her har Ålesund-selskapet meldt seg på – og dei vurdere lokaliseringar fleire stader.

– Vil vi sjå på naturlege knutepunkt både langs kysten og inne i landet, der du kan kombinere fleire brukargrupper i eit område som ikkje ligg langt frå produksjonen, seier Berge.

Berge fortel at dei i første rekke vil rette seg inn mot tungtransport på land og maritim industri, men også industri og andre næringar der hydrogen er naturleg og interessant.

Ba om meir draghjelp
I dag er risikoen høg når det kjem til utbygging av infrastruktur og utvikling av båtar og køyretøy.

Då Berge presenterte seg for dei politisk partia sine toppkandidatar under eit valkamparrangement på Color Line Stadion torsdag, la han vekt på at næringslivet treng meir draghjelp frå det offentlege for å kommersialisere marknaden.

Fleire parti har lagt ulike forslag på bordet for korleis styresmaktene kan bidra, og fleire av desse vil kome til Stortinget for behandling allereie komande år.

Det naermar seg hydrogenfabrikk paa Hellesylt
FÅR KJØPE TOMT: Knut Flakk og Norwegian Hydrogen har planar om hydrogenfabrikk på Hellesylt og denne veka blei det klart at dei får kjøpe tomt i bygda. Foto: Kjetil Haanes

Hellesylt for lite som regionknutepunkt
Norwegian Hydrogen er med i det mykje omtala prosjektet med Hellesylt Hydrogen Hub. Men produksjonen og distribusjonen her, vil i første rekke levere til ein lokal marknad, trur Berge.

– Hellesylt er eit knutepunkt for Geirangerfjorden, men eg trur at før vi kjem til å produsere her, så vil vi vere kome så langt at på andre prosjekt i regionen, at Hellesylt vil bli eit meir lokalt initiativ, fortel han.

Samtidig påpeiker han at Hellesylt har potensiale for å byggast ut, og kan dermed få større rekkevidde for distribusjonen på Nordvestlandet, om det blir aktuelt.

Berge fortel at Hellesylt er eit viktig prosjekt i eit viktig område for både natur og reiseliv. Samtidig er det relativt lite i forhold til prosjekta ein ser på andre stader.

For større produksjon vil selskapet sjå etter lokaliseringar der det er betre moglegheiter for distribusjon til mange kundesegment tett på produksjonen.

– Vi ser på plassar der det er store hamner og tett på store gjennomfartsårer. Slike ting vil vere sentrale når ein skal etablere slike knutepunkt, forklarar han.

Har fått på plass leiargruppe
Berge har snart ei fulltalig leiargruppe rundt seg og skal frå 1. september inn i nye lokalar i Korsegata 4 i Ålesund sentrum. Med seg har han fått Kåre Nerem frå Fiskerstrand Verft som teknisk sjef, Marielle Furnes Mannseth frå Framtidslab-en skal jobbe med marknadsføring og merkevarebygging og Per Øyvind Voie blir selskapets myndigheits- og samfunnskontakt.

– Eg kan nesten ikkje få sagt kor nøgd eg er med at vi har fått desse personane. Alle har ulike bakgrunnar, men alle har god forståing og erfaring med berekraft både frå organisjonar og næringslivet, fortel Berge.

Han anslår at dei innan eitt år vil vere kring ti tilsette på kontoret i Ålesund, i tillegg til eit par personar ved eit Oslo-kontor.

– Vi kjem også til å ha folk i arbeid på dei ulike produksjonsstadene til drift, og i oppbygginga av infrastrukturen vil vi også bidra til sysselsetting hos leverandørar, påpeiker han.

Publisert: 26.08.2021 15:43

Sist oppdatert: 26.08.2021 15:51

Mer om