Gath gats per helge devold anniken fet harald tom nesvik adrian johannessen foto gath 11
POPULÆR STUDIESTAD: Viserektor Annik Magerholm Fet ved NTNU Ålesund saman med arrangørane av GATH-konferansen, der studentane er invitert. Foto: GATH
Nytt

NTNU i Ålesund mot straumen

Større rift om studieplassane til høgare utdanning i Ålesund. Nedgang i Molde og Volda.

25.07.2022

(NPK-NTB-NETT.NO): Måndag kom oversikta frå hovudinntaket til høgare utdanning. Dei viser ein auke i talet som fekk tilbod på førstevalet, medan talet på søkjarar har falle kraftig.

For NTNU Ålesund er det likevel meir rift om studieplassane ved fleire linjer og ein oppgang i søkjartala på 12,7 prosent. Det nye tilbodet om medissinstudiet, saman med shipping management og nautikk, er mellom linjene med høge opptakskrav.

Viserektor Annik Magerholm Fet uttaler i ei melding at ho er svært godt nøgd med tala. 1394 søkarar har fått tilbod om plass ved eit av grunnstudiene til NTNU i byen.

Færre vil til Molde og Volda
Færre søkte seg til Høgskolen i Molde i år, der 1825 personar har fått tilbod om å studere i byen. Talet er markant færre enn i fjor, melder skulen.

Søkermengda til Høgskulen i Volda krympa med 20 prosent, men det er framleis kamp om å kome inn på dei mest populæra utdanningane som friluftsliv og mediefag.

Seks av ti fekk førstevalet oppfylt
Ikkje sidan 2005 har større del av søkjarane på landsbasis fått tilbod om plass på førstevalet sitt. Over 60 prosent har fått plass der dei helst ville.

Tal frå Samordna opptak viser at 105.216 søkjarar har fått tilbod om studieplass i hovudopptaket, og av dei har 64.744 fått tilbod om plass på førstevalet.

– Den store trenden er at vi etter to år med pandemi er tilbake på 2019-nivå i talet på søkjarar. Det er nok mellom anna fordi situasjonen på arbeidsmarknaden er mykje betre, og fordi det igjen er mogleg å reise og studere i utlandet, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til NTB.

Til saman 133.592 personar søkt høgare utdanning gjennom Samordna opptak i år, mot 152.730 året før. I fjor var det 60.966 som fekk tilbod om plass på førstevalet sitt.

Mange nettstudentar
I år er det berre 15.982 kvalifiserte søkjarar som står utan tilbod, mot 27.875 året før. Det er berre 62.500 studieplassar, men Samordna opptak og studiestadene veit av erfaring at mange takkar nei, eller takkar ja og likevel lèt vere å møte opp. Derfor sender dei ut langt fleire tilbod om plass enn det faktisk er studieplassar.

Ein merkbar trend er auken i talet på søkjarar til nettstudium og deltidsstudium. På slike studiar går all undervisninga føre seg på nett. Såkalla samlingsbaserte studiar, der mesteparten av undervisninga er på nett men studentane møtest til eit visst tal samlingar per semester, er også svært populære. Det blir tilbode 84 nettbaserte studiar, ein auke på ti frå året før, med til saman 4.540 tilbod om plassar.

– Det er ei utvikling vi har sett over fleire år, som har vore sterkare under pandemien. Vaksne søkjarar vel den typen studiar i større grad. Dei har ofte ein jobb, bustad og familie dei ikkje kan forlate, seier Skule.

Publisert: 25.07.2022 12:44

Sist oppdatert: 26.07.2022 00:02

Mer om