Nye koplingar til studentane
Studentar i «sommarjobb» laga berekraftløysing til regional bank og Giske-konferanse fekk klaff med studentbesøk.
Bedrifter
og bransjar på Nordvestlandet nyttar ulike måtar å knytte til seg
studentar, som kan bli aktuelle arbeidstakarar.
Ved NTNU i
Ålesund jobbar dei på ulike vis med å knytte studentar og næringsliv
saman. Kjersti Kjos Longva er prosjektleiar for Teft Lab, som mellom
anna tilbyr «internship».
– I sommar hadde vi 10 dyktige studentar som var «summer interns». Dei jobba med ulike prosjekt for Sparebanken Møre, Stranda Hamnevesen og NTNU, fortel Longva.
Berekraft i finansnæringa var eitt av prosjekta. Då lagde studentane ein berekraftportal som kunne byggast inn i nettsida til sparebanken. Her kan bedrifter raskt sette seg inn i kva dei kan jobbe med, utan å sette seg inn i store mengder informasjon.
– Vi er veldig fornøgde med arbeidet som studentane har gjort, fortel Cecilie Myrstad i Sparebanken Møre.
Faktisk var banken så nøgd at dei tenkjer å ta i bruk løysinga studentane har laga og planlegg lansering før årsskiftet.
(saka held fram under)
– Vi ønsker å vise fram Ålesund som ein designregion. Mange veit at
vi er ein region som kan fiskeri og skipsbygging, men vi har ikkje vore
like flinke til å løfte fram kva vi står for innan industridesign og
designfeltet generelt, fortel Mette Skjong i Momentium, som har rolla
som prosjektleiar for IDC.
Studentane fekk besøke Vard Studio og LK Hjelle, og vere med på workshop, i tillegg til konferansen i Øygardshallen og prisutdeling på Pir.
Mange veit at vi er ein region som kan fiskeri og skipsbygging, men vi har ikkje vore like flinke til å løfte fram kva vi står for innan industridesign og designfeltet
Responsen etter besøket var så god at skulen har signalisert at dei neste år vil sende rundt 50 studentar til Sunnmøre i samband med IDC-konferansen.
Skjong er svært nøgd med at den anerkjende skulen prioriterer besøk til regionen. Ho fortel samtidig at arkitekthøgskulen har opplevd det som ei utfordring at mange av studentane veit lite om næringslivet dei skal ut og jobbe i.
– Studentane som startar opp veit gjerne ikkje kva som finst av industri rundt i landet. Difor må dei få vite at her langs kysten finst det masse moglegheiter og bedrifter i verdseliten, legg ho til.
Publisert: 01.01.2022 06:00
Sist oppdatert: 31.12.2021 15:50