Ny Australia-kontrakt
Båtbygg skal bygge linebåt for Austral Fisheries. Teikna av Marin Teknikk.
Den 68,55 meter lange og 14,6 meter breie linebåten skal leverast frå Båtbygg ved Måløy til det australske fiskebåtreiarlaget Austral Fisheries i slutten av 2025.
Skipsdesignselskapet Marin Teknikk i Herøy har oppdraget med å teikne fartøyet.
Båten blir bygd for eit mannskap på 33 og skal skal fiske etter tannfisk i havområda nord for Antarktis, ifølgje ei pressemelding.
Prisen på fartøyet er ikkje opplyst.
Les også
Tøffare å få til lønnsam drift, sa Båtbygg-sjefen i fjor. Verftet slo til med nytt godt resultat.
Tjukkare ordrebok i år og færre skipsverft i minus i fjor enn året før. Sjå resultatoversikt.
Marin Teknikk har teikna kabelskipet. Begge selskapa treng fleire folk.
Kjenner kvarandre
Båtbygg og Austral Fisheries kjenner kvarandre frå før, først gjennom eit oppgraderingsoppdrag i 2013, deretter ei ombygging av fiskebåten Østerbris.
I 2020 leverte Båtbygg kombinasjonsfiskebåten Cape Arkona til det australske fiskebåtreiarlaget. Cape Arkona vart teikna av Skipskompetanse og vart bygd for å fiske både med autoline, teiner og trål. I 2021 vart Cape Arkona kåra til årets kombinasjonsfiske-båt av det internasjonale maritime magasinet Baird Maritime.
Skroget til Cape Arkona vart bygd i Polen. Det er ikkje avgjort kvar skroget til det nye fiskefartøyet skal byggast.
Artikkelen blir oppdatert
«Vi er stolte og setter stor pris på å igjen jobbe med Austral Fisheries på nok et fantastisk nybyggings prosjekt. Dette bekrefter vårt veletablerte kundeforhold og Båtbygg sin posisjon som en pålitelig leverandør og samarbeidspartner. Denne kontrakten og Cape Arkona som vi leverte til Austral i 2020, er et resultat av den fantastiske jobben våre ansatte har gjort igjennom mange år, både på kvalitet og leveringstid», seier dagleg leiar og medeigar Kjell -Inge Sjåstad i Båtbygg i pressemeldinga frå Båtbygg.
«Det er særdeles gledelig at kontrakten blir lagt til et norskeid verft og skipsdesigner der eiere har bostedsadresse i Norge», seier dagleg leiar og medeigar Svein-R. Gjerde i Marin Teknikk i pressemeldinga.
Publisert: 11.09.2023 07:25
Sist oppdatert: 11.09.2023 08:11