Bjørn Magne Aas Aas Mek Verkstad foto Marus
TREGARE ETTER FLEIRE REKORDÅR: Fjerde generasjon verftssjef Bjørn-Magne Aas ved Aas Mek. i Vestnes har levert på rekordnivå i fleire år. I år tek det lengre tid for kundane å bestemme seg grunna usikkerheit kring lakseskatt og reiarskatt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Norske Skipsverft: - Ting går rett veg

Tjukkare ordrebok i år og færre skipsverft i minus i fjor enn året før. Sjå resultatoversikt.

01.09.2023
NETT NO-barometeret:

Så langt i år har norske skipsverft offentleggjort nybyggingskontraktar for 8,5 milliardar kroner. Det er to milliardar kroner meir enn i heile 2022, ifølgje statistikken til sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.

Nybyggingskontraktane hittil i år er fordelt på 22 fartøy. Det er like mange som i heile 2022, som betyr at gjennomsnittsprisen for dei fartøya som er bestilt frå norske verft er høgare i år enn i fjor.

  • Under vignetten NETT NO-barometeret ser vi på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet. Dette er fjerde artikkel.

Ordreboka til skipsverfta, storleiken på skip i bestilling, eller i arbeid, er på 34 milliardar kroner fordelt på 58 fartøy.

På same tidspunkt i fjor var ordreboka på 28 milliardar kroner, fordelt på 57 fartøy.

Betra lønsemd
Store underskot hos Vard (sjå tabell under) gjorde at skipsverfta også i fjor gjekk i minus samla sett.

Men bransjen betrar lønsemda, også når Vard vert halde utanfor reknestykket. I 2020 gjekk 12 av selskapa i NETT NO si oversikt i minus. I 2021 var det ni og i fjor var det åtte.

Vard har også greidd å redusere underskota, frå minus 1,8 milliardar kroner i resultat før skatt i 2020, til minus 424 millionar i fjor.

Vegsund Slip og Aas Mek. Verksted
Vedlikehald-, reparasjon- og ombyggingsverftet Vegsund Slip og brønnbåtspesialisten Aas. Mek. Verksted er dei mest lønsame i NETT NO sin oversikt, rangert etter resultatmargin.

Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene og var høvesvis 12,4 og 8,6 prosent for dei to verfta.

Administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft meiner resultatutviklinga for verfta går rett veg.

– Ting går rett veg. I den differensierte verftstrukturen (i Noreg, red. merk) har storparten greie tal, seier han om lønsemda i bransjen.

Lobby-organisasjon
I tillegg til å drive marknad- og salsarbeid driv Norske Skipsverft med politisk påverknad.

Det viktigaste målet nett no er å få gjennomslag for ein såkalla forskotsgarantiordning, seier Strønen.

Han ønskjer seg at det offentlege verkemiddelapparatet skal få høve til å stille med garantiar som gjer at verfta kan garantere at kundane skal få att pengane dei betalar på forskot, dersom verftet ikkje klarer å levere.

Fleire år med tap eller dårleg lønsemd har tæra på eigenkapitalen. Det gjer det vanskeleg for verfta å binde opp kapital og stille med garantien sjølve.

– Regjeringa må få verkemiddelapparatet på banen, seier Strønen.

Kan stille krav
Strønen meiner politiske krav og mål om å få ned CO2-utslepp frå skipsfart kan - om det er politiske vilje - medverke til fleire nye oppdrag for norske verft.

Det er snakk om teknologiutvikling, der regelverket i større grad opnar for å styre desse kontraktane til Noreg. Det gjeld mellom anna når nye hurtigbåtar skal byggast og fartøya som opererer i vind- og oljebransjen skal over til energiberarar som ikkje gir CO2-utslepp slik tradisjonelle dieselmotorar gjer.

Les årets resultatsaker for verfta under tabellen

Resultat for norske skipsverft
Selskap Driftsinntekt Resultat før skatt
Tal i mill.kroner 2022 2021 2022 2021
Vard Group 6002,1 6194,2 -423,7 -766,1
Westcon Yards 1692,6 1742,8 16,5 -18,0
Myklebust Verft 1283,6 854,1 100,9 -85,1
Aas. Mek Verksted 1029,5 1040,9 88,7 92,9
Larsnes Mek. Verksted 772,3 607,2 45,1 39,3
Fitjar Mek. Verksted 565,9 634,0 25,7 19,3
Fiskerstrand Verft 484,3 340,6 0,3 0,1
Sletta Verft 463,3 323,0 5,4 11,8
Ulstein Verft 359,6 923,8 -68,4 19,5
Brødrene Aa (K) 303,9 292,7 -9,9 -49,9
Båtbygg 270,6 282,5 15,2 16,8
Grovfjord Mek. Verkstad 261,1 202,1 -21,1 10,8
Fjellstrand 239,7 181,8 13,4 11,2
Havyard Leirvik 235,2 871,5 8,4 25,5
Stadyard 207,6 313,7 -11,9 -2,2
Oma Baatbyggeri 202,2 153,4 -4,5 -9,1
Salthammer Båtbyggeri 195,5 190,3 7,8 1,8
Vegsund Slip 191,9 154,8 23,8 23,1
Moen Verft (Moen Marin Service) 159,8 114,8 5,9 -1,7
Green Yard Kleven 145,7 504,8 6,4 11,2
Bømlo Skipsservice 114,1 128,8 -5,5 6,2
Vaagland Båtbyggeri 94,0 36,9 5,5 -5,7
Måløy Verft 71,0 35,2 4,1 1,0
Solstrand Verft 66,9 76,9 2,4 -1,8
Viknaslipen 56,3 40,2 1,1 0,0
Solund Verft 49,2 41,2 -3,7 -5,1
SUM 15517,9 16282,2 -172,1 -654,2

Publisert: 01.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 25.10.2023 12:49

Mer om