- Det er ein båt tilpassa det vi har tenkt å drive med, seier dagleg leiar Agnar Lyng i Torbas. Reiarlaget har kvote for både sild, makrell og kolmule.
"Nordsjøbas" har allereie vore i fiske for dei nye eigarane, etter eit namneskift til "Andrea L".
Eigarskiftet for "Andrea L" er ein rein skipshandel. Kvotane knytt til skipet blir verande hos Fosnavaag Holding, medan reiarlaget Torbas skal bruke kvotane som tidllegare var knytt til ringnotfartyet "Torbas".
Tore Lyng vil bli kjøpt ut av selskapet, men eigarane har ikkje blitt samde om prisen og Tore Lyng har gått til retten for å få ei avgjerd.
I 2015 fekk Torbas overlevert ringnotbåtan "Torbas". Den kosta 200 millionar kroner, men vart seld til ein færøyisk selskap tidlegare i vinter.
"Nordsjøbas" har allereie vore i fiske for dei nye eigarane, etter eit namneskift til "Andrea L".
Utan kvote
Torbas kjøpte det 1996-bygde ringnotfartyet frå Fosnavaag Havfiske i september. Fosnavåg Havfiske har arbeidd med ei utskifting av båten ein periode. Prisen er registrert til knappe 40 millionar kroner.Eigarskiftet for "Andrea L" er ein rein skipshandel. Kvotane knytt til skipet blir verande hos Fosnavaag Holding, medan reiarlaget Torbas skal bruke kvotane som tidllegare var knytt til ringnotfartyet "Torbas".
Strid mellom eigarane
Aksjane i Torbas er eigd av brørne Tore og Agnar Lyng (39,96 prosent kvar) i Vågsøy og Sigmund Magnus Kvalsvik (6,82 prosent), Per Jan Kvalsvik (6,61 prosent) og Marvin Kvalsvik (6,61 prosent) i Herøy.Tore Lyng vil bli kjøpt ut av selskapet, men eigarane har ikkje blitt samde om prisen og Tore Lyng har gått til retten for å få ei avgjerd.
I 2015 fekk Torbas overlevert ringnotbåtan "Torbas". Den kosta 200 millionar kroner, men vart seld til ein færøyisk selskap tidlegare i vinter.
Publisert: 09.10.2017 16:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14