Ny eigar for fire Vard-nybygg
Sveitsisk investeringsselskap har kjøpt opp flåten til North Star.
Ifølgje Splash274.com har det sveitsiske investeringsselskapet kjøpt heile flåten til det britiske offshoreselskapet North Star Group.
North Star har ein flåte på 48 ulike fartøy og rundt 1.400 tilsette.
Selskapet har fire skip i ordre hos Vard.
I april i fjor vart kontrakten på tre spesialskip for service og vedlikehald på vindkraftanlegget på Doggerbanken i Nordsjøen offentleggjort.
Rett før jul vart bygging av det fjerde skipet i serien stadfesta.
Les også
Skal vekse
Skipa er teikna av Vard Design i Ålesund og Vard Electro skal levere ein stor utstyrspakke til fartøya. Bygginga av alle fartøya skal skje ved Vard sitt Vung Tau-verft i Vietnam.
Dei tre første fartøya skal leverast i 2023, det fjerde i 2024.
Ifølgje Splash274.com skal dei nye sveitsiske eigarane utvikle North Star Group til ein pan-europeisk offshore vindselskap. Planen er å vekse med fleire fartøy.
Vindkraftfeltet på Dogger Bank vert verdas største. Feltet er no under utbygging. Eigarar er SSE Renewables, Equinor og Eni.
Publisert: 17.01.2022 15:30
Sist oppdatert: 17.01.2022 15:51