Cathrine K Marti Haramskonferansen foto M Arius
HARAMSKONFERANSEN: Vardsjef Cathrine K. Marti fortalde om krava som følgjer med å vere ein leverandør til forsvaret under Haramskonferansen tysdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Siktar mot å bygge mange forsvarsskip

– Det er ikkje meininga å skremme dei som vil delta, men det kostar mykje å vere med, seier Vard-sjefen.

Marius Rosbach
11.02.2026

Under tysdagens Haramskonferanse fortalde Vard-sjef Cathrine K. Marti korlei konsernet jobba mot dei store forsvarsoppdraga. 

Som kjent er det venta at norsk industri kan sikre seg sine største oppdrag nokon gong ved bygginga av inntil 28 nye standardiserte fartøy til sjøforsvaret. 

Vard har bestemt seg for å ikkje vere med i designkonkurransen om dei nye fartøya. Men konsernsjefen var tydeleg på at dei skal vere med å konkurrere om byggeoppdraga. 

– Vi har bestemt oss for å fokusere på det vi er aller best. Og vi har tenkt til å bygge flest mogleg av desse fartøya, iallfall dei ti store, la ho til. 

– Det er ikkje meininga å skremme
Marti understreka at forsvarsleveransar ikkje var for kven som helst, og at det kravde betydeleg innsats. 

– Det er ikkje meininga å skremme dei som vil delta, men det kostar mykje å vere med. Dette er ikkje noko ein kan fikse over natta, eller i løpet av ei helg, la ho til. 

Konsernsjefen påpeika vidare at Vard har klart breiast erfaring med å bygge større skip til forsvaret dei seinare åra. Vard har nyleg levert tre kystvaktskip i Jan Mayen-klassen og har tidlegare levert  isbrytaren Svalbard og to Marjata-skip. 

Marti var trygg på at kapasitet ikkje skulle vere noko problem for å få bygd fartøya i tråd med planen. 

Har investert stort i Tomrefjord
Vard Langsten i Tomrefjorden er konsernet sitt forsvarsverft i Norge. Her har dei investert betydelege midlar for å løfte slike store oppdrag. 

Marti fortalde at det gjeld alt frå folk, kompetanse, sikkerheit, rutinar og sertifiseringar - men også fysisk utforming ved verftet. 

– Ved Vard Langsten har vi til eksempel eit eige bygg der det blir jobba med slike prosjekt, sa ho. 

– Det er lett å undervurdere er behovet for ein organisasjon som er stor nok, sa Marti om oppdrag til forsvarssektoren.

– Prosesser for å kome til ei avgjerd og kommunikasjon med oppdragsgivar tek meir tid og er meir omfattande enn det ein elles ville vore, la ho til.

Om oppdraga dreg ut i tid og blir meir omfattande eller dyrare enn venta, er det samtidig viktig å ha evna til å «henge med vidare». 

Cathrine K Marti Haramskonferansen foto M Arius 2
FJERNSTYRT FLÅTE: Automatisering og moglegheiter for fjernstyring av skip blir viktig teknologi framover - også i militære skip. Vard-sjef Cathrine K. Marti påpeika at dei allereie har levert ein serie skip med slik teknologi om bord til Ocean Infinity. Foto: Marius Rosbach

Mange opplever høg terskel for å kome «innafor
Juuni Vatne frå ÅKP som hadde eit innlegg litt tidlegare på konferansen påpeika at mange opplevde ein høg terskel for å komme inn som leverandør til forsvarsindustrien. 

Vard-sjef Marti understreka behovet for ta vare på leverandørane, og meiner forsvarskontraktane opnar for nye samarbeidsformer. 

– Det er ein kjempemoglegheit til å finne dei smarte løysingane for korleis ein bør jobbe saman på tvers av selskap, la ho til. 

Marti trekte også fram at dei hadde kring 80 prosent norske  leverandørar på den siste serien kystvaktskip. 

– Vi har teke på alvor det samfunnsansvaret ved å dra inn norske leverandørar. Det er jo også fordi dei er i verdsklasse og leverer i tråd med dei krava som er. Dei har óg servicenettverket som trengs i etterkant. Det er ikkje berre god næringspolitikk, det er også god beredskap, sa ho. 

Publisert: 11.02.2026 09:53

Sist oppdatert: 11.02.2026 18:02

Mer om